Joachim Andreas Voss

Joachim Andreas Voss (10. september 181514. november 1897) var ein norsk lækjar, anatom og professor i medisin ved Universitetet i Oslo.

Joachim Andreas Voss

Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. september 1815
Eivindvik
Død

14. november 1897 (82 år)

Yrke lege, professor

Voss voks opp i Gulen kommune som son til sorenskrivar Peter Boehrman Voss. Joachim tok fyrst maritim utdanning og i 1832 tok han styrmannseksamen. I 1836 avla han examen artium og tok til med medisinstudie, som vart fullført med medisinsk embetseksamen i 1842. I 1844 vart han lækjar ved Eidsvoll Bad, og i 1846 reservelækjar ved Rikshospitalet. Voss reiste elles på ymse studiereiser i Europa, Russland, Midt-Austen og Sambandsstatane. I 1849 fekk han statsstipend for å studera anatomi ved utanlandske universitet.

I 1843 vart Voss amanuensis og frå 1843 til 1846 var han assistent ved dei zootomiske samlingane ved universitetet. Voss vart lektor i medisin i 1850 og underviste i anatomi og rettsmedisin. I 1861 vart han utnemnd til professor i anatomi, eit embete han hadde heilt fram til 1875. Han trykte ei rekkje artiklar i medisinske tidsskrift. Voss vart i 1886 den fyrste presidenten i Den norske legeforening. Han vart sitjande som president til 1889.

Voss vart utnemnd til ridder av St. Olavs Orden i 1866 og i 1896 vart han forfremja til kommandør av 2. klasse «for videnskabelig Fortjeneste og almennyttig Virksomhed.» Han var æresdoktor ved Lunds Universitet i Sverige.

Han døydde i Kristiania i 1897.

Kjelder endre