Joachim Birger Nilsen

Joachim Birger Nilsen (fødd 2. juni 1993) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM) frå mars 2017. Han vart FIDE-meister i sjakk i 2014.

Joachim Birger Nilsen
Fødd 2. juni 1993
Yrke sjakkspelar

Internasjonal Meister i sjakkEndra

Han Joachim B. Nilsen tok sitt første IM-napp med 6 poeng på 9 runder i IM-gruppa i TV2 International på Fagernes i påska 2016.[1] Han tok deretter eit IM-napp i eliteklassa i Noregsmeisterskapen i sjakk i Tromsø i juli 2016, med 5,5 poeng på dei 8 første rundane. Det hadde deretter ikkje noko å seie at han tapte siste runde.[2] Det tredje og avgjerande IM-nappet kom i Øbros Jubileumsturnering i oktober 2016, med 6,5 poeng på 9 rundar.[3] Han hadde dermed oppfylt kravet om IM-resultat i turneringar med til saman minst 27 parti. Rating-kravet, kravet til eigen rating over 2400 oppfylte han allereie pr. 1. februar 2015 med 2417.[4] Han vart utnemnd til IM av Verdssjakkforbundet ved beslutning publisert 3. mars 2017.[5]

BakgrunnsstoffEndra

FotnotarEndra