Joachim Paycken

Norsk politikar

Joachim Paycken (8. oktober 17664. august 1830) var ein norsk kjøpmann og stortingsmann, fødd i Kristiansand.

Joachim Paycken
Fødd 8. oktober 1766
Død

4. august 1830

Yrke politikar

Paycken var son til ein kjøpmann i Kristiansand. Sjølv var han ei tid kateket og klokkar i Risør. I 1797 gifta han seg med kjøpmannsenka Johanne Penne og tok sjølv til som kjøpmann i Risør, ei verksemd han dreiv til han døydde.

Paycken representerte valkrinsen Kragerø og Risør på Stortinget på dei ordnære tingsamlingane i 1821 og 1827, samt på omframtstortinga 1822 og 1828. I 1821 var han medlem av seks komitear, derimellom sekretær i komiteen om svensk-norsk kyrkje i London. I 1827 var Paycken medlem av komiteen om kjøpstadskatten.

KjelderEndra