Opna hovudmenyen

Joan Capdevila

spansk fotballspelar

Joan Capdevila Méndez (fødd 3. februar 1978 i Tàrrega i Catalonia) er ein spansk fotballspelar, som spelar i forsvar for Benfica i den portugisiske toppdivisjonen og for det spanske landslaget. Han har òg spelt for det katalanske landslaget. Capdevila har spelt det meste av karrieren sin, frå 2000 til 2007, for Deportivo La Coruña, før han gjekk til Villarreal. Han var med på å ta sølv for Spania under sommar-OL i 2000 i Sydney. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 16. oktober 2002 i ein vennskapskamp mot Paraguay. Han var med i troppen til fotball-EM i 2004, men utan å få spela. I 2008 spelte han alle kampane utanom éin då Spania vart europameistrar.

Joan Capdevila
Joan Capdevila 2010.jpg
Personleg informasjon
Fullt namn Joan Capdevila Méndez
Fødd 3. februar 1978
Fødestad Tàrrega
Høgd 182 cm
Posisjon Venstreback
Klubbinformasjon
Noverande lag
Benfica
Nummer 38
Ungdomsklubbar
Spania Tàrrega
Spania Espanyol
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1998-99
1999-2000
2000-07
2007-11
2011-
Spania Espanyol
Spania Atlético Madrid
Spania Dep. La Coruña
Spania Villarreal
Portugal Benfica
29 (4)
31 (2)
177 (15)
140 (15)
1 (0)
Landslag
1998-2000
2002-
2002-
Spania Spania U21
Spania Spania
Catalonia Catalonia
13 (0)
60 (4)
8 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 7. juni 2011
‡ Landslagsmål oppdatert 7. juni 2011