Joanne Pavey (fødd Joanne Davis20. september 1973), er ein britisk friidrettsutøvar frå Honiton som har tevla i mellomdistanse- og langdistanseløp. Ho vart europameister på 10 000 meter i 2014 og tok sølv på same distansen under det førre EM i 2012.

Joanne Pavey


Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 20. september 1973 (50 år)
Honiton
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2004, Sommar-OL 2000, Friidrett under Sommar-OL 2016, Samveldeleikane 2006, Samveldeleikane 2014

Utmerkingar

medlem av Den britiske imperieordenen

Aktiv endre

Pavey deltok i fleire store meisterskap frå 1997, men det var fyrst ved EM i friidrett 2002 ho kom med i kampen om medaljane. I München-EM vart ho nummer fem på 1500 m, same plasseringa fekk ho under Sommar-OL 2004 i Aten, men då på 5000 m.

I 2006-sesongen kom Pavey på andreplassen på 5000 m under samveldeleikane, og på fjerdeplassen på same distansen ved friidretts-EM i Göteborg. Få veker etter europameisterskapen sette ho personleg rekord på 5000 m med 14.39,9.

Frå 2007-sesongen satsa Pavey mest på 10 000 meter. Ho sette personleg rekord i Watford med 31.26,9. I 2012 vann ho sølvmedaljen på 10 000 meter under friidretts-EM i Helsingfors, med tida 31.49,0 var ho i mål vel fire sekundar bak vinnaren Ana Dulce Félix frå Portugal. Seinare på sommarern vart Pavey nummer sju på mildistansen under Sommar-OL 2012 i London.

Pavey fekk sin store triumf då ho sigra i milløpet under EM i friidrett 2014 i Zürich. Løpet gjekk lenge i moderat tempo, og vinnartida vart ikkje betre enn 32.22,3. 40 år gammal vart Pavey den eldste europameister i friidrett nokon gong.

Kjelder endre