Joe's Menage
Joe's Menage Konsertalbum av Frank Zappa | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1. oktober 2008 | |
Innspelt | 1. november 1975 College of William and Mary, Williamsburg, VA | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 45:52 | |
Selskap | Vaulternative | |
Produsent | Frank Zappa | |
Frank Zappa-kronologi | ||
---|---|---|
One Shot Deal (2008) |
Joe's Menage | Lumpy Money (2009)
|
Joe's Menage er eit konsertalbum av Frank Zappa, posthumt gjeve ut 1. oktober 2008. Det inneheld songar frå 1975 som ikkje før var gjeve ut.[2] Det er det fjerde albumet i «Joe's Corsage»-serien, med forskjellige rarietetar kompilert av Joe Travers for Zappa Family Trust.[3] Dette albumet inneheld songar får ein konsert i Williamsburg den 1. november 1975 (midten). Dette var første gongen vokalist og altsaksofonisten Norma Jean Bell var med på ei Zappa plate. Ho var berre med i turnebandet til Zappa ein kort periode seint i 1975.[4]
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Spira til albumet kom alt i 1978 då Zappa gav fanen Ole Lysgaard fleire kasettar, mellom anna ein av denne konserten frå 1975.[5] I 2004 sendte Lysgaard lydbanda til Gail Zappa og ho valde å gje ut denne laga av Zappa.[6] Det var ikkje mogeleg å få tak i dei originale lydbanda.[7]
Innhald
endreAlle songar er skrivne av Frank Zappa.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Honey, Don't You Want a Man Like Me?» | 3:57 |
2. | «The Illinois Enema Bandit» | 8:42 |
3. | «Carolina Hard-Core Ecstasy» | 6:02 |
4. | «Lonely Little Girl» | 2:46 |
5. | «Take Your Clothes Off When You Dance» | 2:10 |
6. | «What's the Ugliest Part of Your Body?» | 1:16 |
7. | «Chunga's Revenge» | 14:18 |
8. | «Zoot Allures» | 6:41 |
Musikars
endre- Frank Zappa (gitar og vokal)
- Norma Jean Bell (altsaksofon og vokal)
- Napoleon Murphy Brock (tenorsaksofon og vokal)
- Andre Lewis (klaverinstrument og vokal)
- Roy Estrada (bass og vokal)
- Terry Bozzio (trommer og vokal)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Joe's Menage» frå Wikipedia på engelsk, den 25. august 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Planer, Lindsay. «Joe's Menage - Frank Zappa : Songs, Reviews, Credits, Awards : AllMusic». allmusic.com. Henta 31 mars 2013.
- ↑ Zappa.com > Joe's Menage, zappa.com, september 2008, arkivert frå originalen 11. februar 2009, henta 25. august 2014. Henta 25. august 2014
- ↑ Tidlegare utgjevingar i serien er Joe's Corsage (2004), Joe's Domage (2004) og Joe's Xmasage (2005).
- ↑ Albertos, Román García, FZ chronology, 1973-1975, globia.net/donlope. Henta 25. august 2014
- ↑ Lysgaard, Ole M. (2008), «The Laundry», Joe' Menage. Liner Notes (Zappa Family Trust) (VR 20081)
- ↑ Zappa, Gail (2008), «The Litany», Joe' Menage. Liner Notes (Zappa Family Trust) (VR 20081)
- ↑ Zappa, Gail (2008), «The Latex (Solar) Beef», Joe' Menage. Liner Notes (Zappa Family Trust) (VR 20081)