Williamsburg i Virginia
Williamsburg er ein by i Virginia i USA, nær Chesapeake Bay. Han har kring 14 000 innbyggjarar og den viktigaste næringa i byen er turisme.
Williamsburg | ||
---|---|---|
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | USA | |
Delstat | Virginia | |
Fylke | Independent city | |
Borgarmeister | Clyde Haulman | |
Geografi | ||
Flatevidd - By - Land - Vatn |
22,5 km² 22.1 km² 0.3 km² | |
Innbyggjarar - By (2010) - folketettleik |
14 068 625,2 /km² | |
Koordinatar | 37°16′15″N 76°42′25″W / 37.27083°N 76.70694°W | |
Høgd over havet | 15 m | |
Tidssone - Ved sommartid |
EST (UTC-5) EDT (UTC-4) | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 23185-23188 | |
Telefon-retningsnummer | 757 | |
Heimeside: www.williamsburgva.gov |
Heile landskapet rundt er rekonstruert slik det var i kolonitida. Delar av byen er inkludert i Colonial National Historical Park.
Historie
endreWilliamsburg var kolonihovudstad i Virginia frå 1699 til 1780 og vart grunnlagt som Middle Plantation, Her fremsette Patrick Henry i 1765 den historiske protesten mot Stempellova, og her vedtok koloniforsamlinga i Virginia i 1776 henstillinga si til Kontinentalkongressen om å erklære koloniane sjølvstendige av Storbritannia. Williamsburg har det nest eldste colleget i USA, College of William and Mary, grunnlagt i 1693.
Den første avisa i byen vart grunnlagt i 1736. Byen vart mindre viktig etter ein brann 1780, då hovudstaden vart flytt til Richmond. Byen vart restaurert 1927–1935 etter bevart byplan, og fekk tilbake preget sitt frå 1700-talet i rein kolonistil. Rekonstruksjonen vart betalt av J. D. Rockefeller jr. Fleire utstillingshallar, mellom anna Capitol og Governor's Palace er haldne heilt i 1700-tals stil, òg når det gjeld inventaret.
Kjelder
endre«Williamsburg» i Store norske leksikon, snl.no.