Johan Augustinussen

Johan Augustinussen (10. mai 180822. november 1888) var ein lærar og stortingsmann frå Nesna i Nordland.

Johan Augustinussen
Augustinussen 01.jpg
Fødd 10. mai 1808
Nesna
Død

22. november 1888
Nesna

Yrke politikar, lyrikar

Augustinussen var son til ein gardbrukar på garden Langset i Nesna. Frå 1830 til han døydde var han lærar og kyrkjesongar i heimbygda. Han var den første ordføraren i Nesna frå 1838 til 1848, på ny ordførar 1850-54. Elles var han kommunekasserar frå 1840, postopnar i 14 år og medlem av forlikskommisjonen i 49 år.

Augustinussen representerte Nordlands amtStortinget frå 1848 til 1869. 1848-1857 og 1859-60 var han medlem av kyrkjekomiteen, 1862-63 og 1868-69 av kyrkjekomite nr 2. Han var òg medlem av jarnbanekomiteen 1851, 1857 og 1868-69, av valkomiteen 1854-1869 og av fullmaktskomiteen 1859-1869. Dessutan medlem av finanskomiteen på omframstortinget 1858, komiteen om den danske-tyske krig på omframstortinget i 1864 og av næringskomite nr 1 i 1865-66. Grunna sjukdom var han i 1854 permittert frå den 15. mai.

Han var medlem av Lofotkommisjonen av 1855 og av kommisjonen om dei nordlandske handelstilhøva i 1859.

Augustinussen døydde i heimen sin i Nesna i 1888.

KjeldeEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914