Johan Henrik Dietrichs (2. juni 18094. august 1886) var ein norsk kjøpmann, meklar og stortingsmann, fødd på Kongsberg.

Johan Dietrichs
Statsborgarskap Noreg
Fødd 2. juni 1809
Død

4. august 1886 (77 år)

Yrke politikar
Språk norsk

Dietrichs var son til ein offiser i det militære. Sjølv slo han seg ned i Tønsberg, der han var kjøpmann og seinare meklar. Han var også «stadskaptein». I mange år var han medlem i Tønsberg bystyre, også ordførar.

Dietrichs representerte bykrinsen Tønsberg på Stortinget i 1848, 1857 og 1859-60, og på Omframtstortinget 1858. Dessutan var han stortingsrepresentant i 1854, men då frå bykrinsen Tønsberg og Holmestrand. I 1848 var han medlem i Protokollkomiteen, på dei resterande ordinære stortinga hadde han plass i Gasje- og pensjonskomiteen.

Kjelder endre