Johan Filseth
Johan Martinusson Filseth (25. september 1862–5. september 1927) var ein pressemann frå Romedal i Hedmark.
Gardbrukarsonen Filseth tok eksamen ved lærarskulen på Hamar i 1881 og underviste i skulestova i 5 år. I 1894 grunnla han Gudbrandsdølen, ei avis som kom ut Lillehammer og som han styrte livet ut. Filseth var elles oppteken av både folkehøgskulen og målsaka, i 1899 var han såleis mellom skiparane av Austmannalaget. Han gav i 1907 ut boka Bjørnstjerne Bjørnson og Aulestad.
Filseth var dansk gift, og døydde på eit sanatorium i Danmark.
Kjelder
endre- Norsk Allkunnebok. IV. bandet. 1952