Johan Jacob Krohn (9. august 18416. januar 1925) var ein dansk skolemann og diktar.

Johan Krohn
Statsborgarskap Danmark
Fødd 9. august 1841
København
Død

5. januar 1925 (83 år)

Yrke lyrikar, teolog
Far Frits Krohn

Krohn var son av bilethoggaren F.C. Krohn og Sophie Susanne Købke. Han vart cand. theol. i 1867.[1]

Johan Krohn skreiv ein del barneforteljingar som kom ut i slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet i fleire band med fellestittelen Fortællinger for Børn. Han er likevel best kjend for barneboka Peters Jul, som mellom anna inneheld julesongen «Du grønne, dejlige Træ» (nynorsk «Du grøne, glitrande tre»). Boka kom opphavleg ut anonymt i 1866, men er seinare trykt opp att ei rekkje gonger, nokre med illustrasjonar av broren Pietro Krohn og venen Otto Haslund, og andre illustrerte av ulike kunstnarar som Herluf Jensenius og Mads Stage (2002). Johan Krohn redigerede også barnebla, mellom anna det utbreidde Børnenes Juleroser.

Frå 1880 til 1914 var han leiar av ein privat guteskule i København.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Johan Krohn biografi», Kalliope (på dansk), henta 21. desember 2018