Du grøne, glitrande tre

(Omdirigert frå Du grønne, dejlige Træ)

«Du grøne, glitrande tre» (opphavleg «Du grønne, dejlige Træ») er ein julesong tileigna juletreet. Songen har tekst av Johan Krohn (18411925) og melodi av Christopher Ernst Friedrich Weyse (1774–1842) eller Edvard Grieg (1843–1907). Songteksten vart omsett til nynorsk av Bernt Th. Anker i 1906.

Eit glitrande dansk juletre.
Foto: Malene Thyssen

Teksten vart første gong utgjeven anonymt i 1866 i boka Peters Jul.[1] Han skildrar eit ferdigpynta juletre «med Julelys og med danske Flag» og følgjer opp med korleis stjerna i toppen skal minna om Jesusbarnet.

Den mest kjende melodien, med repetisjonar i refrenget, er skriven av Weyse. Denne melodien vert òg bruka i bryllupssalmen «Det er så yndig å følges ad»

Kjelder endre

Fotnotar endre

Bakgrunnsstoff endre