Johan Møller Warmedal

norsk politikar

Johan Jakob Møller Warmedal (28. april 191419. august 1988) var ein norsk lærar og politikar. Han var stortingsrepresentant frå Vestfold og for partiet Høgre i tida 1954–69.

Johan Møller Warmedal
Statsborgarskap Noreg
Fødd 28. april 1914
Trondenes kommune
Død

19. august 1988 (74 år)

Yrke politikar, lærar, kontorsjef
Språk norsk
Politisk parti Høgre

Warmedal, som var frå Trondenes, tok lærareksamen i Tromsø i 1936. Dei to neste åra var han lærar i Skånland, deretter underviste han i to år i Tromsø. Frå 1941 hadde han lærarjobb i Nøtterøy i Vestfold.

Warmedal var medlem av heradsstyret i Nøtterøy frå 1945, varaordførar 1947–48 og ordførar 1948–53. Han var elles formann 1947–50 i Unge Høgre, og medlem 1950-70 i landsstyret i Høgre. Hausten 1953 vart han vald til å representere Vestfold fylke og Høgre på Stortinget, sidan attvald tre gongar. På Stortinget var han nestformann i Kommunalkomiteen frå 1954 til -61, deretter medlem i Finans- og tollkomiteen 1961- 65 og formann i Protokollkomiteen 1965-69. I den siste fireårsbolken var han også nestleiar i gruppestyret til Høgre.

Perioden 1970–71 var Warmedal forlagsredaktør i Hjemmet Forlag, og 1971–72 var han engasjert av Kyrkje- og undervisningsdepartementet. Åra 1972-77 fungerte Warmedal fungerte som kontorsjef i 'Hovudkomiteen for reformer i lokalforvaltninga'.

Kjelder endre