Tromsø

by i Troms fylke
Tromsø
By
Land  Noreg
Fylke Troms
Kommune Tromsø
Areal 13,12 km²
Folketal 41 915  (2023)
Folketettleik 3 195 / km²
Innbyggjarnamn tromsøværing
Preposisjon i Tromsø
Kart
Tromsø
69°39′16″ N 18°57′49″ E
Wikimedia Commons: Tromsø (city)

Tromsø er ein by og administrasjonssenteret i Tromsø kommune i Troms. Byen har 67 817 innbyggjarar per 1. januar 2021. Kommunen Tromsø har eit folketal på og er den mest folkerike kommunen i Nord-Noreg.

Tromsø ligg i hovudsak på Tromsøya, som har tre faste samband. Byen er knytt til fastlandet via Tromsøbrua over Tromsøysundet, som er eitt av dei mest kjende landmerka i byen, og Tromsøysundtunnelen som går 100 meter under same sund. Til Kvaløya vest for Tromsøya er det samband via Sandnessundbrua. Jorda under byen er gjennombora av eit effektivt tunnelsystem for biltrafikk mellom sentrum, dei sørlege delane av byen og flyplassen, Tromsø lufthamn.

Byområdet endre

Byen Tromsø inneheld tre tettstadar: Tromsø på Tromsøya, Tromsdalen på fastlandet og Kvaløysletta på Kvaløya.

Byen Tromsø inneheld tre tettstadar: Tromsø på Tromsøya (40 979 innbyggjarar), Tromsdalen på fastlandet (17 912 innbyggjarar) og Kvaløysletta på Kvaløya (8 926 innbyggjarar). Bykjernen ligg på søraustsida av Tromsøya, ei grøn og låg øy på 21 km². Høgaste punkt på Tromsøya er Varden, 159 moh., nord på øya. Midt på øya ligg eit vatn, Prestvannet, som blei demma opp i 1867. Busetnad dekker store delar av øya, men det er skogområde langsmed høgdedraget som strekker seg i retning nord–sør. På vestsida av øya er det noe jordbruksland.

Mot vest er Kvaløya forbunde med Tromsøya med den 1220 meter lange Sandnessundbrua. På Kvaløya ligg bydelane Kvaløysletta, som ligg direkte over brua, Storelva, Kaldfjord og Håkøybotn. Aust for Tromsøya ligg fastlandet, som er forbunde med Tromsøya med den 1016 meter lange Tromsøbrua og den 3500 meter lange Tromsøysundtunnelen. Bydelane på fastlandet heiter Tromsdalen, Tomasjord og Kroken.

Universitetet i Tromsø er verdas nordlegaste universitet og Macks Ølbryggeri er eitt av verdas nordlegaste bryggeri.

Årstider endre

Tromsø ligg nord for polarsirkelen, og har somrar prega av ljose netter. Den varmaste månaden er juli. I november, desember og delar av januar er Tromsø råka av mørketid. Nedbør fell som snø, og i fleire månader er staden dekka i kvit. Snørekorden i byen blei målt i 1997.[1] Hamna og kysten let ikkje til å bli råka av is-tetting om vinteren, takka vera Golfstraumen, som bidreg med varmt havatn. Det kjem skip til hamna i Tromsø året rundt. Eit populært skode i desse vintarmånadane er aurora borealis, også kjent som nordlys. Ei av dei lokale avisene, Nordlys, har namn etter dette vêrfenomenet.

Busetnad endre

Tromsøbrua sett frå sentrum.

Tromsø hadde 7100 innbyggjarar i 1900, 15 492 innbyggjarar i 1950 og 28 882 innbyggjarar i 1970. I 1970-åra hadde byen sin kraftigaste vekstperiode, og voks til fastlandssida av Tromsøysundet. Etter at Sandnessundbrua til Kvaløya opna i 1974 har Tromsø også vakse vestover, mellom anna til Kvaløysletta. I 2007 budde over 80 % av innbyggjarane i Tromsø kommune i tettstaden Tromsø[a]. Byen er eit viktig innpendlingsområde, delvis frå utkantane i kommunen, delvis frå andre kommunar.

Eit signalbygg i glas som huser kommunehuset ligg i bykjernen. Kino og bybiblioteket er i tilknyting til bygget.

Fotnoter endre

  1. I 2007 inneheldt tettstaden Tromsø dei tre noverande tettstadene Tromsø, Tromsdalen og Kvaløysletta.

Kjelder endre

  1. Snømåling på 240 cm ga rekkord.(2015) Skeie, Torgeir. NRK. Henta frå arkivert versjon.

«Tromsø» i Store norske leksikon, snl.no. «Tromsø – bosetning» i Store norske leksikon, snl.no.


Spire Denne geografiartikkelen som har med Troms å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.