Johan Raatamaa

Johan Johansson Raattamaa (14. september 18117. mars 1899), på finsk Juhani Raattamaa, var ein svensk lekmannspredikant og andeleg leiar av læstadianismen etter at Læstadius døydde i 1861.

Johan Raatamaa
Fødd 14. september 1811
Død

7. mars 1899 (87 år)

Raatamaa var fødd i Kuttainen i Karesuando sokn i ein velståande heim, som son åt nämndemannen Johan Persson Raattamaa (17771854; husbonde på garden Raattamaa i Kuttainen), og kona hans Anna Johansdotter Kunnari (17811866). Etter første giftarmålet busatte han seg i Saivomuotka. Han arbeide akkurat som broren Per Johansson Raattamaa (fødd 1804, busett i Kummavuopio, Karesuando sokn) som skulemeister i Karesuando sokn.

Johan Raatamaa gifte seg første gong med Eva Larsdotter Altalo i 1832; han gifte seg andre gong i 1885, etter at første kona hans døydde, med Karolina Larsdotter. Han døydde i Saivomuotka i Karesuando.

BakgrunnsstoffEndra