Johann Josef Imseng
Johann Josef Imseng (6. juni 1806–5. juli 1869) var ein austerriksk prest og fjellklatrar frå Saas-Fee i kantonen Valais i Sveits. Han døydde i grannebygda Saas-Almagell.
Johann Josef Imseng | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 6. juni 1806 Saas-Fee |
Død | |
Religion | Den romersk-katolske kyrkja |
Johann Josef Imseng på Commons |
Imseng var ein pioner og ein pådriver for den nye turismen. Han hyste turistar i prestegarden, leia fjellturar og pressa på for bygging av hotell. I 1849 skal Imseng ha binda på seg «trebrett» og gått med desse frå Saas-Fee til Saas-Grund, den fyrste kjende skituen i området. På seinsommaren 1856 var han med på fyrstebestigningane av Lagginhorn og Allalinhorn.
Imseng drukna i 1869 i Mattmarksee.
Fyrstebestigingar
endre- Lagginhorn - 26. august 1856, saman med Franz Andenmatten og Edward Ames
- Allalinhorn - 28. august 1856, saman med Franz Andenmatten og Edward Ames
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Johann Josef Imseng» frå Wikipedia på tysk, den 9. oktober 2012.