Johann Voldemar Jannsen
Johann Voldemar Jannsen (fødd 16. mai 1819 i Pärnu maakond, død 13. juli 1890 i Tartu) var ein estisk journalist og lyrikar.
Johann Voldemar Jannsen | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet |
Fødd | 16. mai 1819 Vana-Vändra Rural Municipality |
Død |
13. juli 1890 (71 år) |
Yrke | journalist, lyrikar, skribent, lærar |
Born | Lydia Koidula, Harry Jannsen |
Johann Voldemar Jannsen på Commons |
Jannsen skreiv teksten til den estiske nasjonalsongen, «Mu isamaa, mu õnn ja rõõm», og var far til diktaren Lydia Koidula. Som leiar av organisasjonen som arrangerte den fyrste landsdekkjande songfestivalen i Tartu i 1869, spela Jannsen ei viktig rolle i vekkinga av nasjonalkjensla til estarane.
J.V. Jannsen var òg med på å skipa estiske medie med fleire estiskspråklege aviser, blant dei forløparen til dagsavisa Postimees.
Denne litteraturartikkelen som har med media og Estland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.