Johannes Berg

norsk politikar

Johannes Berg (1. november 186321. november 1935) var ein norsk sjømann, fiskar, gardbrukar, postopnar og politikar. Han var stortingsrepresentant for Sør-Trøndelag og partiet Høgre i tida 1922–27, ordførar 1903–19 i Jøssund.

Johannes Berg

Fødd1. november 1863
Vallersund
Død21. november 1935 (72 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, bonde, sjøfolk, fiskar
Alle verv

Berg var frå Vallersund i noverande Ørland kommune. Etter mellomskule i Trondheim reiste han i både innanriks- og utanriksfart før han tok styrmannseksamen i 1884. Sidan dreiv han fiske på bankane utom Trøndelags-kysten. I 1897 kjøpte han garden Valsøy i Jøssund og dreiv denne til 1917. Frå 1907 var han postopnar i Vallersund.

Berg var medlem i heradsstyret i Jøssund frå 1898 to 1922, ordførar i 18 år. Ei tid var han også formann fattigstyre i heradet, og formann i Fosen fiskeristyre i fleire år. Han var åstadskommisær i mange år. Hausten 1921 vart Berg vald til stortingsmann for perioden 1922-24, sidan attvald for treårsperioden 1925-27. Alle stortingssesjonane var han medlem i Post- og telegrafkomiteen.

Kjelder endre