Johannes Lamparter

Johannes Lamparter (fødd 8. november 2001) er ein austerriksk kombinertrennar frå Hall in Tirol. Han vart verdsmeister individuelt under Ski-VM 2021 i Oberstdorf. Saman med Lukas Greiderer vann han også VM-gull i tomannsstafett, dessutan fekk han bronse i lagtevlinga.

Johannes Lamparter


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 8. november 2001 (22 år)
Hall in Tirol
Idrett skiidrett, kombinert

Lamparter har delteke i verdscupen i kombinert sidan 22. desember 2018. Per 1.3.2022 hadde han 13 pallplasseringar i individuelle renn i verdscupen, tre av dei på topp. Alle desse fyrsteplassane kom i januar månad av 2022, ein i Val di Fiemme og to i Klingenthal.

Kjelder endre