Johannes Sjursson Norang

Johannes Sjursson Norang (17651832) var ein gardbrukar i Knutegarden på Norang i Hjørundfjord.

Liv og gjerning

endre

Johannes var frå Langeland i Sunnylven. I 1792 gifta han seg med jordajenta Anne Persdotter Norang (1772-1793). Ho døydde allereie året etter og han gifta seg 1794 med Malene Ingebrigtsdotter frå Øvre-Ljøen (1764-1830) i Sunnylven. Omframt drifta av Knutegarden dreiv Johannes «mykje gardhandel» og annan handel. Han var elles ein «svær jeger». Åra 1800-02 fekk han skotpremie for 3, 2 og 2 bjørnar i fylgje «Hjørundfjord. Gard og ætt 3», og legg til at «tradisjonen held på mange fleire». Ei samtidig avis nemner at han frå «Det Nyttige Selskab» i 1801 vart tildelt 2 riksdalar for å ha skote 4 vaksne bjørnar siste året. Otrar skaut han mange av. Denne slentrejakta gjekk mykje føre seg ut i øyane, særleg Nordøyane.

Johannes var «velhalden». Ein omreisande sylvsmed laga ei brudekrone av myntar Johannes hadde i ein smørstrokk. I 1811 fekk han trykt eit «himmelbrev» på prenteverket på Ekset i Volda, eit verk han sjølv hadde skrive. Johannes dreiv garden på Norang fram til han døydde.

Fire born voks opp i Knutegarden. Sønene Sjur og Ananias døydde høvesvis 22 og 24 år gamle, så det vart Per som tok over Knutegarden. Dottera Malene var gift til Fet (4) i Sykkylven, døydde 23 år gammal.

Kjelder

endre