John Bernhard Rekstad (1943-)

norsk fysikar

John Bernhard Rekstad (fødd 2. november 1943) er ein norsk fysikar. Han vart dr.philos. i 1976, og professor i fysikk ved Universitetet i Oslo i 1980. Rekstad er kjent for arbeid innan eksperimentell kjernefysikk. Etter studieopphald ved Niels Bohr Instituttet i København, har han vore sterkt engasjert i forskingsprosjekt ved syklotronlaboratoriet i Oslo og har trekt det inn i eit internasjonalt forskingsmiljø. Han har òg arbeidt for samarbeid mellom grunnforsking og praktisk forsking. Han var ein av initiativtakarane til Forskningsparken som vart etablert i Oslo i 1989, og var med i styret i Innovasjonssenteret 1985–88. Han var òg ein av initiativtakarane til skipinga av Forskningsstiftelsen for Oslo-regionen, FOSFOR, og var styreformann 1987–89. Frå 1987 til 1993 var han medlem av styret for Norges Almenvitenskapelige Forskningsråd. Rekstad stod for bygginga av det første soloppvarma huset i Noreg i 1977, ei forsking som førte til danninga av selskapa Solnor AS (1990) og SolarNor AS (1995). Han var òg ein av grunnleggjarane av Senter for akseleratorbasert forskning og energifysikk (SAFE) i 2005 ved Universitetet i Oslo.

John Bernhard Rekstad
Fødd2. november 1943
NasjonalitetNoreg
Yrkefysikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo

Bakgrunnsstoff endre