Syklotron er ein type partikkelakselerator som blir brukt til å akselerere ladde partiklar for mellom anna å skape supertunge isotop. Syklotronar har vore viktige i oppdaginga og framstillinga av fleire av dei transurane grunnstoffa. Han vart oppfunnen i 1929 av Ernest Lawrence ved Berkeley-universitetet i California i USA. Lawrence mottok i 1939 Nobelprisen i fysikk for oppfinninga av syklotronen, og dei eksperimenta han utførte med akseleratoren.

Prinsippskisse av syklotronen frå patentdokumenta til Ernest Lawrence.

I dag vert syklotronar nytta til å produsere radioaktive isotop for bruk i positronemisjonstomografi (PET-scanning).

Verkemåte endre

Syklotronen består av eit vakuum-kammer der ladde partiklar blir akselerert av høgfrekvent vekselspenning. Ved hjelp av magnetfelt blir partiklane heldt i ein tilnærma sirkelforma bane. For kvar gong partiklane passerer opninga mellom dei halvmåneforma elektrodane blir dei akselerert. Syklotronen kan akselerere ladde partikler som proton, deuteron, alfapartiklar og tyngre ion.

Fysisk institutt ved Universitetet i Oslo har siden 1979 hatt ein 35 MeV syklotron. Denne syklotronen kan akselerere partikler til ein tredjedel av lysfarten.[1] I 2009 fekk òg Haukeland universitetssjukehus i Bergen ein syklotron.[2]

Kjelder endre

  1. Forskning.no – Syklotronen feirer 25 år Arkivert 2008-04-08 ved Wayback Machine. Harald Aastorp 23. september 2004
  2. Helse Bergen – Ein milepæl. Publisert 10. september 2008, arkivert frå originalen 7. januar 2010, henta 29. april 2013