John Bosman

nederlandsk fotballspelar

Johannes Jacobus Bosman betre kjend som John Bosman (fødd 1. februar 1965) er ein tidlegare nederlandsk fotballspelar frå Bovenkerk. Han spelte 30 landskampar for Nederland og skåra sytten gonger. Han spelte for Ajax, AZ, Mechelen, PSV, Anderlecht og Twente. Han spelte for Nederland i EM i 1988 og i VM i 1994. Han vart europameister i 1988. Han vann totalt åtte store titlar. Med Ajax vann han cupvinnarcupen i 1987 og seriemeisterskapen i 1985, han vann også den nederlandske cupen i 1986 og i 1987. Med PSV vann han seriemeisterskapen i 1991. Med Mechelen vann han seriemeisterskapen i 1989 og den europeiske supercupen i 1988. Med Anderlecht vart han seriemeister i 1993, 1994 og i 1995.

John Bosman
Bosman i 2011
Personleg informasjon
Fullt namn Johannes Jacobus Bosman
Fødd 1. februar 1965 (59 år)
Fødestad Bovenkerk i Nederland
Høgd 187 cm
Posisjon Angrepsspelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1983-1988 Ajax 126 (77)
1988-1990 Mechelen 61 (34)
1990-1991 PSV 30 (11)
1991-1996 Anderlecht 156 (71)
1996-1999 Twente 87 (34)
1999-2002 AZ 62 (24)
Totalt 522 (241)
Landslag
1986-1997 Nederland 30 (17)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga