Johnny Byrne

Johnny Byrne, fullt namn John Joseph Byrne, (13. mai 193927. oktober 1999) var ein britisk-sørafrikansk fotballspelar frå ein landsby i Surrey. Han var angrepsspelar og flittig målskårar for Crystal Palace FC og West Ham United.

Johnny Byrne

KlubbspelEndra

Byrne ligadebuterte seint i 1956 på tredjedivisjons-laget Crystal Palace FC. I 1962 vart han overført til West Ham United mot 65 000 pund. Våren 1964 var han med om å vinne FA-cupen då West Ham sikra seg klubbens fyrste store pokal. I 1967 returnerte han til Crystal Palace, eit knapt år seinare melde han seg til teneste for Fulham FC. Sommaren 1969 utvandra han til Sør-Afrika, spelte der i fire år på Durban City.

LandslagsspelEndra

Frå november 1961 til april 1965 spelte Byrne 11 landskampar for England og skåra 8 mål, seks av dei i løpet av mai 1964.

MerittarEndra

  • Vinnar av FA-cupen: 1964 med West Ham United

I 1969 utvandra han til Sør-Afrika, døydde i Cape Town.

KjelderEndra