Crystal Palace FC
Crystal Palace Football Club er ein ein fotballklubb heimehøyrande i London Borough of Croydon, ein bydel i det sørlege London. Klubben vart skipa 10. september 1905 og kom i den engelske ligaen i 1920. Selhurst Park, eit stadion med plass til 25 486 tilskodarar, har vore heimebane sidan 1924. Laget spelar i raude og blå drakter.
Crystal Palace FC har nådd finalen i FA-cupen ved to høve, både i 1990 og 2016 vart det tap. I sin beste ligasesong, 1990/91-sesongen, enda klubben på tredjeplass i fyrstedivisjon bakom Arsenal FC og Liverpool FC.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Crystal Palace F.C.» frå Wikipedia på engelsk, den 7. november 2021.