Jon Bojer Godal

(Omdirigert frå Jon Godal)

Jon Bojer Godal (fødd 31. januar 1937) er ein norsk formidlar av tradisjonsboren kunnskap. Han har særleg arbeidd med bruk av tre i hus og båtar, og med bygging og bruk av tradisjonelle trebåtar.

Jon Bojer Godal

Statsborgarskap Noreg
Fødd 31. januar 1937 (87 år)
Rauland kommune
Yrke skribent, skuleleiar, offentleg tenestemann, forstmann

Jon Bojer Godal har utdanning frå Norges Landbrukshøgskole. Han har arbeidd som rektor og sjøbrukslærar ved Fosen FolkehøgskoleRissa. Han har vore tilsett ved handverksregisteret, nå Norsk handverksutvikling, på Maihaugen.

Han har publisert stoff om gammal materialbruk. Største arbeidet er 4 bind om åfjordbåten og nordlandsbåten som han skreiv saman med Gunnar Eldjarn.

Prisar og utmerkingar

endre

I 2013 mottok Jon Godal kongens fortenestmedalje i sølv, og i 2015 vart han av kongen utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden for sin eineståande innsats innan tradisjonshandverk.[1][2]

Bibliografi (utval)

endre
  • 1985: Klar deg sjøl. Hvordan overleve i norsk natur. A. Kjellands forlag.
  • 1988–1990: Åfjordbåten og Nordlandsbåten bind 1–4; medforfattar: Gunnar Eldjarn.
  • 1994: Beresystemet i eldre norske hus, TI-forlaget.[3]
  • 1994: Tre til tekking og kleding : frå den eldre materialforståinga, Landbruksforlaget.[4]
  • 1994: Tre til laft og reis : gamle hus fortel om materialbruk, Landbruksforlaget.[5]
  • 1995: Dokumentere for å kunne gjenskape : båttypar, farty og formforståing på Nordmøre.[6]
  • 1996: Håndverksregisteret : prinsipp og problemstillingar i dokumentasjonsarbeid knytt til handverk, Maihaugen.[7]
  • 2000: Om kulturvern ved kyst og strand : innstilling fra ei arbeidsgruppe, ført i pennen av Jon Bojer Godal, Norsk Museumsutvikling.[8]
  • 2000: Båten som system : skisse til plan for ein båttype : dømet Geitbåten, Norsk Museumsutvikling.[9]
  • 2001: Tre til båtar.
  • 2012: Kor blei det av landet som blei kalla Vinland?

Kjelder

endre
  • Gunnar Eldjarn og Jon Bojer Godal : Nordlandsbåten og Åfjordsbåten
  • Arne-Terje Sæther: «Hallo» - «Ja de e Joooooon», i KYSTEN nr 1 2007.
Fotnotar
  1. «Stor heder til tradisjonsformidler». Byggmesteren (på norsk bokmål). 5. oktober 2015. Henta 24. mai 2022. «H.M. Kongen har utnevnt Jon Bojer Godal til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden for hans enestående innsats innenfor tradisjonshåndverk.» 
  2. «Jon Bojer Godal». Det norske kongehus. Henta 29. januar 2023. 
  3. Godal, Jon Bojer (1994). Beresystem i eldre norske hus. TI-forl. ISBN 8256706694. 
  4. Godal, Jon Bojer (1994). Tre til tekking og kleding : frå den eldre materialforståinga. Landbruksforlaget. ISBN 8252916236. 
  5. Godal, Jon Bojer (1996). Tre til laft og reis : gamle hus fortel om materialbruk. Landbruksforlaget. ISBN 8252921485. 
  6. Godal, Jon Bojer (1995). Dokumentere for å kunne gjenskape. Program for forsking om kulturminnevern, Noregs forskingsråd. ISBN 8212004511. 
  7. Godal, Jon Bojer (1996). Håndverksregisteret : prinsipp og problemstillingar i dokumentasjonsarbeid knytt til handverk. Maihaugen. De Sandvigske samlinger. 
  8. Godal, Jon Bojer (2000). Om kulturvern ved kyst og strand. Norsk museumsutvikling. ISBN 8290935838. 
  9. Godal, Jon Bojer (2000). Båten som system : skisse til plan for ein båttype : dømet Geitbåten. Norsk museumsutvikling.