Noregs landbrukshøgskule
(Omdirigert frå Norges Landbrukshøgskole)
Norges landbrukshøgskole var ein norsk høgskole for landbruket. Institusjonen blei oppretta i 1897, då forsking blei ei hovudoppgåve ved sidan av undervising.[1]
Den høiere Landbrugsskole paa Aas blei grunnlagd allereie i 1854. Dei første studentane byrja i 1859.[1]
Høgskolen tok opp i seg Statens småbrukslærerskole på Sem hovudgard i 1962. Sem blei brukt til pedagogiske seminar, interne konferanser og huste instituttet for birøkt. Sidan 1995 har Sem Gjestegård hatt tilhald på Sem.[2]
NLH blei etterfølgd av Universitetet for miljø og biovitenskap i 2004. Dette danna grunnlaget for Noregs miljø- og biovitskaplege universitet som blei skipa i 2014.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Norges Landbrukshøgskole», Store norske leksikon, 1. juni 2013, henta 8. januar 2017
- ↑ Historie, semgjestegard.no, henta 8. januar 2017
Bakgrunnsstoff
endre- Sakshaug, Gaute, Hundre år for samfunn og næring : Norges landbrukshøgskole 1897-1997, Landbruksforlaget, 1. utg., 1997.
- Senit, Senterpartiet sitt tidsskrift for samfunn og politikk, årgangane 1984-87.
- Eggen, Eystein, Bygdekultur og mediapolitikk, Østlendinge, 2/8-1978. (Lenka 8/9-2007)