Jon Løyland

Norsk skulemann

Jon Løyland (27. november 188728. juli 1975) var ein norsk lærar og bonde frå Valle i Vest-Agder.

Jon Løyland
Fødd 27. november 1887
Død

28. juli 1975 (87 år)

Løyland tok lærareksamen i 1911 og var i åra 1912-21 lærar fleire stader. Frå 1921 underviste han ved folkehøgskulen Setesdals ungdomsskule til skulen vart nedlagd i 1940. Sidan då var han framhaldskulelærar til 1954.

Løyland var mykje oppteken av kulturelle, historiske og nasjonale spørsmål. Mellom anna var han formann i både Agder Historielag, Aust-Agder Mållag og i Setesdalsmusèet. Han skreiv mange lokalhistoriske artiklar og ein del dikt, og gav ut bøkene Bygdedikting frå Agder i 1927 og Hans i Hagen i 1952.

Kjelder endre