Setesdalsmuseet er eit museum i Valle kommune i Agder fylke. Det omfattar historiske stader i heile Setesdal. Til saman er det 17 anlegg og 67 antikvariske bygningar som høyrer til museet, så vel som to nyare bygg som innheld administrasjon og utstillingslokale. Hovudkontoret og administrasjon ligg på Rysstad i Valle kommune. Det vart skipa i 1938.

Setesdalsmuseet

Rygnestadloftet på Rygnestadtunet
StadValle kommune
Museumstypekulturhistorisk museum
Kart
Setesdalsmuseet
59°5′42″ N 7°31′37″ E

Den første delen av museet som opna er Nordigard Rygnestad på Rygnestad.[1] Museet består mellom anna av Rygnestadtunet med det kjende Rygnestadloftet og bygningar med særs allsidige funksjonar, ført opp frå 1300-talet og heilt opp til vår tid. På sin opphavlege plass ligg også den gamle lensmannsgarden Tveitetunet. Formidling av folkedrakter er eit av spesialområda til museet, saman med formidling av byggeskikkar. Museet tek også for seg samferdslehistorie og geologi.

Setesdalsmuseet var frå 2005 organisert som eit interkommunalt selskap, som er eigd av kommunane Bykle, Valle, Bygland, Evje og Hornnes, Iveland og Aust-Agder fylkeskommune. I 2015 vart det ei avdeling av Aust-Agder museum og arkiv.[1]

Avdelingar ved museet er:[2]

  • Hovden jernvinnemuseum
  • Bykle gamle kyrkje med rosemåleri
  • Lisletog
  • Huldreheimen
  • Rygnestad museum
  • Tveitetunet museum
  • Setesdalsmuseet Rysstad
  • Sylvartun, eit senter for immateriell kulturarv som folkemusikk, folkedans og kveding
  • Bygland museum
  • Dampbåten Bjoren
  • Evje mineralsti formidlar geologien i nedre del av Setesdal.
  • Evje og Hornnes museum Fennefoss
  • Evjemoen forsvarsmuseum
  • Iveland og Vegusdal bygdemuseum

Galleri endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Om museet», www.setesdalsmuseet.no (på norsk), henta 24. juni 2020 
  2. «Faste utstillingar», www.setesdalsmuseet.no (på norsk), henta 24. juni 2020 

«Setesdalsmuseet» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff endre