Jonathan Pitroipa
burkinsk fotballspelar
Jonathan Pitroipa, (fødd 12. april 1986 i Ouagadougou) er ein burkinsk fotballspelar som spelar for Stade Rennais i fransk Ligue 1, og for landslaget til Burkina Faso.
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fødd | 12. april 1986 | ||
Fødestad | Ouagadougou | ||
Høgd | 176 cm | ||
Posisjon | Midtbane / ving | ||
Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Stade Rennais | ||
Nummer | 7 | ||
Ungdomsklubbar | |||
2004 | Planete Champion | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar (Mål) | |
2004-04 2008-11 2011- |
Freiburg Hamburger SV Rennes |
75 (16) 74 (6) 2 (1) | |
Landslag | |||
2006- | Burkina Faso | 15 (2) | |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 13. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 29. april 2010 |
Pitroipa sin første klubb i Europa var Freiburg i tysk Bundesliga og 2. Bundesliga frå 2004 til 2008. Han klarde å bli fast på førstelaget til Freiburg i 2005/06-sesongen, etter at klubben hadde rykt ned frå 1. Bundesliga året før. Før 2008/09-sesongen gjekk han til toppklubben Hamburger SV.
Pitroipa debuterte for landslaget til Burkina Faso 7. oktober 2006 i ein kamp mot Senegal. Han var med i stallen til til Burkina Faso til Afrikameisterskapen i 2010.