Jonathan Tetteh Quarcoo (fødd 13. oktober 1996) er ein norsk friidrettsutøvar fødd i Bodø. Han vart norsk meister på 200 meter i 2015, 2017 og 2018, dei to siste åra vann han NM-gull også på 100 meter. Quarcoo er medlem i FIK Orion.

Jonathan Quarcoo


Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. oktober 1996 (27 år)
Bodø
Idrett friidrett

Aktiv endre

Quarcoo fekk bronsemedaljen på 200 meter ved NM 2014, einast sju tidels sekund bakom vinnaren. Tidlegare i sesongen vart nordisk juniormeister på distansen. I 2015 vart han norsk meister på 200 meter, året etter kom han på andreplass i NM, veteranen Jaysuma Saidy Ndure sikra seg sitt siste NM-gull.

Både i 2017 og 2018 vart Quarcoo dobbelmeister i noregsmeisterskapen, han vann med tildels stor margin på 100 m så vel som 200 m. Den 15. juli 2017 sprang han i Bydgoszcz sitt livs beste løp, sette presonbeste på 200 meter med tida 20,39 sekund og vann gullmedaljen i U-EM. Knapt eitt år seinare presterte han også livsbeste på 100 meter då han på Bislett stadion kom i mål etter 10,22 sekund. Innandørs-sesongen 2018 vart han nordisk meister på 60 meter.

I 2019 plagast Quarcoo med skade og vart tredjemann på 100 m i noregsmeisterskapen. Han stod over heile 2020-sesongen, kom tilbake i tevling i 2021.

Kjelder endre