Jondal stavkyrkje

stavkyrkje (riven) i Jondal

Jondal stavkyrkje var ei stavkyrkje i Jondal i Hardanger, som vart riven i 1725. Då den neste kyrkja som vart bygd, vart riven i 1888, vart det funne tre rammetre av svilleramma til den gamle stavkyrkja, ei søyle og enkelte andre fragment. Desse var utan utskjeringar.

Jondal stavkyrkje is located in Hordaland
Plasseringa til gamle Jondal stavkyrkje

Historie endre

Det finst ikkje noko grunnlag for ei detaljert datering av kyrkja. Ei kyrkje i Jondal dukkar for første gong opp i kjeldene i 1306, då ein "Jon prest i Jondal" er nemnt.[1] Det vart sagt i ei synfaring i 1665 at det "Behøves et nyt Spaantag paa Kirken paa nordre Side, hvortil ungefær kan medgaa 6000 Egespaan, eftersom ingen huggen Bord der kan faaes uden stor Bekostning".[2] Svalgangane vart tekne ned og sett opp på nytt i 1699-1701. I ein rapport frå 1709 heiter det at kyrkja var "en gammel Stavkirke, meget brøstfældig paa Tag, Stave og Stavlægjer."[2] I 1722 skal kyrkja ha vore "en ældgammel og i Grund forraadnet Stavkirke, hvorudi Tjenesten med allerstørste Livsfare forrettes, og især naar det blæser noget haardt".[2] I 1714 var det planlagt ei stor omvøle, men dette måtte ein slå frå seg fordi så mykje av treverket var rote. Kyrkja skal ha blitt riven i 1725. Den nye kyrkja stod ferdig i 1727.

Utsjånad endre

I synfaringa i 1665 vert det nemnt at kyrkja hadde svalgang på nord- og sørsida.Kyrkja hadde ein innlagd himling, som vart utbetra 1702-1704. Svalgangane hadde to dører.

Fotnotar endre

  1. "Jon prestr i Jonaðalle". Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 444. Originalkjelde i Diplomatarium Norvegicum II, 81
  2. 2,0 2,1 2,2 Lorentz Dietrichson, De norske stavkirker (Kristiania og Kjøbenhavn, 1892), s. 444-445

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre