Jondal kommune

kommune i Hordaland

Jondal er ein tidlegare norsk kommune i Hardanger i Hordaland fylke. Han låg på Folgefonnhalvøya på sørsida av Hardangerfjorden, og grensa mot Odda og Kvinnherad kommunar i sør, mot Ullensvang herad i aust og nordaust og mot Kvam herad i vest og nordvest. 1. januar 2020 vart kommunen slegen saman med Odda og Ullensvang kommunar til nye Ullensvang herad.

Jondal kommune
kommune
Jondal, Hardanger, Hordaland, Norway - panoramio.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Adm.senter Jondal
Areal 210 km²
 - land 199 km²
 - vatn 11 km²
Målform nynorsk
Ordførar Jon Larsgard (Sp)
Kommunenr. 1227
NO 1227 Jondal.svg
Wikimedia Commons: Jondal
Nettstad: www.jondal.kommune.no

Dei fleste innbyggjarane bur i Kysnesstrand, Torsnes, Solesnes, Svåsand, Jondal og Herand. Innover mot Folgefonna ligg bygdene Nedre og Øvre Krossdalen.

Delar av isbreen Folgefonna ligg i kommunen. Folgefonn sommarskisenter gjev vintersportstilbod mesteparten av året. Kommunevåpenet for Jondal viser tre skråstilte båtshakar, i gull på raud botn.

Folk med tilknyting til JondalEndra

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Jondal kommune