Jones Mountains

Jones Mountains er ei isolert fjellgruppe som går 43 km frå aust til vest ved Eights Coast i Ellsworth Land, kring 80 km sør for Dustin Island i Antarktis. Karta laga av USA 1939-41 synte den omtrentlege posisjonen til fjella i høve til Dustin og Thurston Island, noko som indikerer at dei først vart sett på ein flytur frå skipet «Bear», 27. februar 1940. Fjella finst i det fjerne på flyfoto tekne av US Navy under Operasjon Highjump, 30. desember 1946, og vart observerte frå lufta av Edward Thiel og J. Campbell Craddock, 22. januar 1960.

Jones Mountains
fjellkjede
Land Proposed flag of Antarctica (Graham Bartram).svg Antarktis
Stad Ellsworth Land
 - koordinatar 73°32′S 94°00′W
Lengd 43 km
Administrert under Antarktistraktaten

Jones Mountains
73°31′60″ S 94°0′0″ W
Jones Mountains is located in Antarktis
Jones Mountains (Antarktis)

Namnet vart foreslått av Thiel og Craddock etter dr. Thomas O. Jones (1908-93), ein amerikansk kjemikar som hadde ansvaret for det amerikanske forskingsprogrammet i Antarktis 1958-78.


KjelderEndra