Jonisk var ein gammalgresk dialekt talt i Jonia på vestkysten av Litleasia og på dei fleste øyane i Egearhavet. Det var nært i slekt med attisk. Ved sidan av attisk er jonisk den viktigaste litterære dialekten i Hellas før koiné-perioden, og vart ofte nytta i epos (med innslag frå andre dialektar, særleg aiolisk), elegi og jambedikting, og dessutan i eldre prosa, som til dømes Herodot og Hippokrates.

Jonisk
Klassifisering: indoeuropeiske språk
 hellensk
  gammalgresk
   austleg
Bruk
Område: Kring Egearhavet
Språkkodar

KjelderEndra