Hippokrates (klassisk gresk Ἱπποκράτης, Hippokrátēs) frå Kos som levde frå omtrent frå år 460 f.Kr til 370 f.Kr., var ein gresk lækjar, og ein av dei mest framståande personane i medisinhistoria. Han vert kalla for «lækjekunstens far» for sine bidrag som grunnleggjar av den hippokratiske medisinske skulen, ei retning som revolusjonerte lækjekunsten i det antikke Hellas. Frå då av var lækjekunsten ein disiplin klart åtskild andre lærdomsgreiner, særleg teurgi og filosofi, og vart dermed eit yrke.

Hippokrates

Fødd ca. 460 f.Kr.
Kos
Død

ca. 370 f.Kr.
Lárisa

Yrke lege, filosof
Språk gamalgresk
Hippokrates på Commons

Dei hippokratiske skriftene (Corpus Hippocraticum) er ei samling av omkring 72 verk om lækjekunsten. Bøkene er skrivne av Hippokrates sjølv eller medarbeidarane hans, innhaldet i desse vert ofte samanblanda med det vesle som er kjent om kva Hippokrates sjølv tenkte, skreiv og gjorde. Likevel vert han framstilt vanlegvis som sinnbilete på den antikke lækjaren og får æra av å ha forbetra systematiske studiar av medisin. Han skal ha sameina kunnskapen til eldre medisinske skular, og gjennom den hippokratiske eiden og andre verk ha føreskrive arbeidsformer for lækjarar.[1][2] Gjennom arbeidet sitt fremja han ei ny lære: Lækjarkunsten må byggje på observasjon og praktiske røynsler, ikkje på magi og laus spekulasjon.

Liv endre

 
Asklepeion på Kos

Historikarane godtar at Hippokrates har eksistert og vart fødd omkring 460 f.Kr. på den greske øya Kos og vart ein berømt lækjar og lærar i medisin. All annan biografisk informasjon er apokryfisk og sannsynlegvis falsk. Soranos frå Efesos, ein gresk gynekolog som levde på 100-talet, var den fyrste som skreiv om Hippokrates liv og er kjelda til størstedelen av informasjonen om Hippokrates. Opplysningar om Hippokrates finst også i Aristoteles skrifter, skrivne på 300-talet f.Kr., samt i verket Suda frå 900-talet og i Johannes Tzetze sine verk frå 1100-talet.

Soranos seier at Hippokrates lærte seg medisin av far sin og farfaren, og studerte andre emne for Demokrit og Gorgias. Hippokrates studerte truleg ved asklepieion på Kos, og fekk leksjonar av den thrakiske læraren Herodikos av Selymbria. Den einaste samtidige omtalen av Hippokrates finst i dialogen Protagoras av Platon, der Platon skildrar Hippokrates som «Hippokrates frå Kos, asklepiaden». Hippokrates underviste og praktiserte medisin heile livet, og reiste så langt som til Thessalia, Thrakia og Marmarahavet. Truleg døydde han i Larissa, 83 eller 90 år gammal, men enkelte versjonar seier han var ein bra bit over 100.

Hippokratisk teori endre

 
Bysantinsk handskrift med den hippokratiske eiden i form av ein kross.

Hippokrates var den fyrste lækjaren som avviste slumptilfelle og idéar om at overnaturlege eller guddomlege krefter forårsakar sjukdomar. Elevar av Pythagoras meinte det var Hippokrates som fyrst samankopla filosofi med medisin.[3] Han skilde medisinvitskapen frå religion og hevda at sjukdom ikkje var gudane sin straffedon, men snarare ei fylgje av miljømessige faktorar, matinntak og livsvanar. Corpus Hippocraticum nemner ikkje ein einaste 'mystisk' sjukdom. Hans overtyding grunna seg likevel for ein stor del på slikt som no er kjent som ukorrekt anatomi og fysiologi, såsom humoralpatologi.[4][5][6] Hippokrates hevda at epilepsi, som vart kalla morbus sacer dvs den heilage sjukdomen, ikkje var meir heilag enn andre sjukdomar.[7]

Dei antikke medisinskulane var usams om korleis sjukdomar vart best behandla. Den knidisk skulen fokuserte på diagnose, men luta seg mot mange feilaktige gissingar om menneskekroppen. Det fanst nesten ingen kunnskap om menneskeleg anatomi og fysiologi, grunna eit tabu mot å dissekere menneske. Den knidiske skulen kunne derfor ikkje skilje ut kunnskap når ein sjukdom var årsak til fleire symptom.[8] Den hippokratiske (Kos-) skulen var i hovudsak retta mot stell og prognose. Med allmenne diagnosar og passive behandlingar kunne sjukdomar verte effektivt behandla og den kliniske praksisen utviklast.[9][10] No til dags er lækjarar derimot opptekne av spesifikke diagnosar og spesialiserte behandlingar, som den knidiske skulen var talsmenn for. Denne endringa i medisinsk tenking sidan Hippokrates tid, har gjennom dei siste to tusenåra fått mange til å fordømme passiviteten i hippokratisk behandling. Til dømes kalla den franske lækjaren Houdart den hippokratiske behandlinga for ein «meditasjon over døden».[11]

Humoralpatologi og krise endre

Den hippokratiske skularetninga hevda at all sjukdom kom av ein ubalanse i kroppen mellom dei fire kroppsvæskene, som var naturleg jamlikt fordelte når mennesket er friskt.[12] Når dei fire kroppsvæskene, blod, svart galle, gul galle og snòr, ikkje var i balanse vart ein person sjuk og vart verande sjuk til dess balansen vart sett i stand att. Hippokratisk terapi forsøkte rette opp att balansen.[13]

Eit anna viktig omgrep i hippokratisk medisin var krise, eit punkt i sjukdomsutviklinga då sjukdomen var antan nær siger og pasienten snart skulle døy, eller motsett der naturlege prosessar som gjorde at patienten friskna til att. Tilbakefall kunne skje og føre til ei ny avgjerande krise. I fylgje denne læra har kriser det med å hende på kritiske dagar, noko ein antok var eit bestemt tidspunkt etter at patienten hadde fått sjukdomen. Om ei krise skjedde på ein dag som låg langt ifrå ein kritisk dag, kunne tilbakefall ventast.[14]

Hippokratisk behandling endre

Hippokratisk medisin var audmjuk og passiv. Den terapeutiske innstillinga grunna seg på "naturens läkande kraft" (vis medicatrix naturaelatin). I fylgje denne læra kan kroppen av eiga kraft nyopprette balansen mellom dei fire kroppsvæsken og lækje seg sjølv (physis).[12] Behandlinga skulle einast hjelpe denne naturlege utviklinga. Kvile og ro var av største verd.[15] Svært ofte var hippokratisk medisin særs vennleg mot pasienten. Behandlinga var mild og la vekt på å halde pasienten rein og steril.[16]

Hippokrates var tvisynt til å nytte lækjemiddel og spesialisert behandling som kunne vise seg å vere feilvald. Kraftfulle lækjemidlar vart likefullt nytta ved særskilde tilfelle.[17] Denne passive behandlinga var effektiv mot enkle skadar, så som brotne bein som kravde metodar for å strekke skjelettet og lette trykket mot det skada området.

Ein av styrkane til hippokratiske lækjekunst var vektleggjinga på prognose. På Hippokrates tid var medisinsk behandling lite utvikla, ofte var det beste som lækjarane kunne gjere var å vurdere ein sjukdom og rekne seg fram til ein truleg hendingsgang. Vurderingane og utrekningane grunna seg då på opplysningar som var samla inn i detaljerte historier frå tidlegare sjukdomstilfelle.[6][18]

Profesjonalitet endre

Hippokratisk medisin merker seg ut med sin strikse profesjonalitet, disiplin og rigorøse praksis.[19] Det hippokratiske verket Om lækjaren tilrår at lækjaren alltid skal vere velordna, ærleg, logn, vidsynt og seriøs. Den hippokratiske lækjaren er grundig og merksam på alle sider av si gjerning; han fylgde detaljerte forskrifter for «lys, personale, instrument, pasientens tilstand og bandasje- og forbindingsteknikkar» i den antikke operasjonssalen.[20]

Den hippokratiske retninga la vekt på dei kliniske doktrinane om observasjon og dokumentasjon. Desse doktrinane påbyr at lækjarar dokumenterer det dei oppdagar og sine medisinske metodar på ein særs tydeleg og objektiv måte, slik at desse nedteikningane kan førast vidare og nyttast av andre lækjarar.[21] Hippokrates gjorde nøyaktige, regelbundne notatar om mange symptom, derimellom hudfarge, puls, feber, smerter, skjelvingar og utflod.[18] Han utvida kliniske observasjonar til å omfatte familiehistorie og omgjevnader.[22] Det har vorte hevda at medisinen har honom å takke for kunsten å klinisk inspektere og observere.[6] Av den grunn har det vore sagt det ville vere rettare å kalle han for «Den kliniske lækjekunstens far».[23]

Bidrag til lækjekunsten endre

Hippokrates og etterfylgjarane hans var dei fyrste som skildra mange sjukdomar og medisinske tilstandar. Han har fått æra for å ha vore den til fyrste til å beskrive trommestikkfingrar, eit viktig diagnostisk teikn på ein kronisk dannande lungesjukdom, lungekreft og cyanotisk hjartefeil. Hippokrates var også den fyrste lækjaren som, i Prognosis, skildra «hippokratisk ansikt» (latin facies hippocratica), den forandringa i ansiktet som kjem av død, langvarig sjukdom, svolt eller liknande.

Hippokrates byrja kategorisere sjukdomar som akutte, kroniske, endemiske og epidemiske. Eit anna av Hippokrates fremste bidrag finst i skildringane hans av symptomatologien, av fysiske oppdagingar og kirurgisk behandling, samt prognosen for thoraxempyem, det vil seie puss i brysthola. Skildringane hans er framleis relevante for dagens studentar i pneumologi og kirurgi.[24] Hippokrates var den fyrste som dokumenterte thoraxkirurgien og resultata hans er framleis gyldige.[24]

Hippokratiske eiden endre

Den hippokratiske eiden er eit banebrytande dokument om medisinsk etikk som i antikken vart tillagt Hippokrates. Eiden, som er omtala i eit av verka i Corpus Hippocraticum, vert i dag sjeldan brukt i si opphavlege form. derimot tener han som grunnvoll for andre og liknande eidar og lover som definerar god medisinsk praksis og moral. Slike avleia eidar vert i vår tid avlagt regelbunde av uteksaminerte medisinstudentar som skal ta til i arbeid som lækjarar.[25][26]

Ettermæle endre

 
Murmåleri frå 1100-talet som syner Galenos og Hippokrates

Hippokrates vert i stor utstrekning rekna som far åt lækjekunsten. Bidraga hans revolusjonerte lækjargjerninga, men etter han døydde stoppa framsteget opp.[27] Så høgt vart Hippokrates æra at lærdomane hans i stor grad vart oppfatta som for storarta til å kunne forbetrast, og ingen større finpuss av metodane hans vart gjort på lang tid.[15][26] Hundreåra etter Hippokrates død er like mykje prega av tilbakegang som av vidare framsteg. Eitt døme er at «etter den hippokratiske perioden forsvann praksisen med å ta kliniske rapportar om det enkelte tilfelle...», i fylgje histrikaren Fielding H. Garrison.[28]

Den neste store lækjaren etter Hippokrates var Galenos, ein grekar som levde frå 129 til 200 e.Kr. Galenos heldt fram med den hippokratiske medisinen, og flytta kunnskapane både framover og bakover.[29] I mellomalderen tok persarane og arabarane i bruk hippokratiske metodar.[30] Etter renessansen vart hippokratiske metodar vekt til live i Europa og breidde seg ytterlegare ut gjennom 1800-talet. Thomas Sydenham, William Heberden, Jean-Martin Charcot og William Osler var mellom dei medisinarane som nytta seg av Hippokrates rigorøse kliniske teknikkar.

Kjelder endre

  • Norsk allkunnebok, 1955
  • Denne artikkelen bygger på «Hippokrates» frå Wikipedia på svensk, den 29. mars 2013.
  • Svensk Wikipedia gjev opp desse kjeldene:
  • Adams, Francis: The Genuine Works of Hippocrates, William Wood and Company, New York 1891. 
  • Boylan, Michael: Hippocrates, Internet Encyclopedia of Philosophy, 2006. 
  • Britannica Concise Encyclopedia: Soranus of Ephesus, Encyclopædia Britannica, Inc., 2006.  Arkivert 2007-10-12 ved Wayback Machine.
  • Encyclopedia Britannica: HIPPOCRATES, Encyclopedia Britannica, Inc., 1911.  Arkivert 2011-09-07 ved Wayback Machine.
  • Schwartz, Robert A.; Richards, Gregory M. & Goyal, Supriya: Clubbing of the Nails, WebMD, 2006. 
  • Garrison, Fielding H.: History of Medicine, W.B. Saunders Company, Philadelphia 1966. 
  • Fishchenko, AIa; Khimich, SD (1986). «Modification of the Hippocratic cap-shaped bandage». Klin Khir 1 (72).  PMID 3959439
  • Hanson, Ann Ellis: Hippocrates: The "Greek Miracle" in Medicine, Lee T. Pearcy, The Episcopal Academy, Merion, PA 19066, USA, 2006. 
  • Hippokrates (2006). «On the Sacred Disease». Internet Classics Archive: The University of Adelaide Library. Arkivert frå originalen 26. september 2007. Henta 31. mars 2013. 
  • Internet Encyclopedia of Philosophy: Democritus, The University of Tennessee at Martin, 2006. 
  • Jones, W. H. S.: Hippocrates Collected Works I, Cambridge Harvard University Press, 1868. 
  • Leff, Samuel; Leff, Vera.: From Witchcraft to World Health, Camelot Press Ltd., London och Southampton 1956. 
  • Major, Ralph H.: Classic Descriptions of Disease, Springfield, Illinois 1965. 
  • Margotta, Roberto: The Story of Medicine, Golden Press, New York 1968. 
  • Martí-Ibáñez, Félix: A Prelude to Medical History, MD Publications, Inc., New York 1961. Library of Congress ID: 61-11617. 
  • National Library of Medicine: Images from the History of Medicine, National Institutes of Health, 2006. 
  • National Library of Medicine: Objects of Art: Tree of Hippocrates, National Institutes of Health, 2000. 
  • Nuland, Sherwin B.: Doctors, Knopf, 1988. 
  • Pinault, Jody Robin: Hippocratic Lives and Legends, Brill Academic Publishers, Leiden, New York, Köln 1992. 
  • Plato: Protagoras, Internet Classics Archive: The University of Adelaide Library, 2006. 
  • Project Hippocrates: Project Hippocrates, Center for Medical Robotics and Computer Assisted Surgery, Carnegie Mellon School of Computer Science, 1995. 
  • Rutkow, Ira M.: Surgery: An Illustrated History, Elsevier Science Health Science div, London och Southampton 1993. 
  • Singer, Charles; Underwood, E. Ashworth: A Short History of Medicine, Oxford University Press, New York og Oxford 1962. 
  • Smith, William: Dictionary of Greek and Roman Biography and Mythology, Little, Brown, and Company, Boston 1870. 

Fotnotar endre

  1. Garrison 1966, s. 92–93.
  2. Garrison 1966, s. 96.
  3. Adams 1891, s. 4.
  4. Jones 1868, s. 11.
  5. Nuland 1988, s. 8–9.
  6. 6,0 6,1 6,2 Garrison 1966, s. 93–94.
  7. Hippokrates: On the sacred disease
  8. Adams 1891, s. 15.
  9. Margotta 1968, s. 67.
  10. Leff & Leff 1956, s.51.
  11. Jones 1868, s. 12–13.
  12. 12,0 12,1 Garrison 1966, s. 99.
  13. Boylan 2006.
  14. Jones 1868, s. 46,48,59.
  15. 15,0 15,1 Margotta 1968, s.73.
  16. Garrison 1966, s. 98.
  17. Encyclopedia Britannica 1911.
  18. 18,0 18,1 Garrison 1966, s. 97.
  19. Garrison 1966.
  20. Margotta 1968, s. 64.
  21. Margotta 1968, s. 66.
  22. Margotta 1968, s. 68.
  23. Leff & Leff 1956, s. 45.
  24. 24,0 24,1 Major 1965.
  25. Jones 1868, s. 217.
  26. 26,0 26,1 Martí-Ibáñez 1961, s. 86–87.
  27. Garrison 1966, s. 100.
  28. Garrison 1966, s. 95.
  29. Jones 1868, s. 35.
  30. Leff & Leff 1956, s. 102.