Jordan Jovtsjev (fødd 24. februar 1973) er ein bulgarsk tidlegare turnar frå Plovdiv. Han vart verdsmeister i frittståande og i ringar under Turn-VM 2001 i Gent, og forsvarte VM-tittelen i begge øvingane ved Turn-VM 2003 i Anaheim. Åra frå 1995 til 2009 vann han til saman 13 medaljar (4-5-4) i verdsmeisterskap i turn og i alt 4 olympiske medaljar (0-1-3) under sommarleikane 2000 og 2004. Han vart elles europameister i ringar i 2002. Perioden 2002-10 sikra han seg 10 EM-medaljar (1-7-2).

Jordan Jovtsjev


Statsborgarskap Bulgaria
Fødd 24. februar 1973 (51 år)
Plovdiv
Idrett turn
Tok del i Sommar-OL 2008, Sommar-OL 2012, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1992, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's floor, Turn under Sommer-OL 2004 – Frittstående menn, gymnastics at the 2000 Summer Olympics – men's rings, Turn under Sommer-OL 2004 – Ringer menn

Kjelder

endre