Jordanes
Jordanes var ein romersk historieskrivar på 500-talet. Han var ifølgje eigne opplysingar av gotisk avstamming, og skreiv eit kjent historieverk om dei som har bevart gotiske soger og historiske tradisjonar.[1]
Jordanes | |
Statsborgarskap | Austromarriket |
Fødd | ca. 6. hundreåret Det romerske keisardømet |
Død |
ca. 6. hundreåret |
Yrke | historikar, skribent |
Språk | latin |
Jordanes på Commons |
Jordanes var notarius, eller sekretær, for den gotiske høvdingen Gunthigis. Han blei seinare munk.[2]
Jordanes skreiv det latinske verket De origine actibusque Getarum («Om opphavet og gjerningane til gotarane»), ei omarbeiding av Cassiodorus si gotarsoge som seinare er gått tapt. Han forfatta også ei verdshistorie fram til 552 e.Kr.[1]
Filologen Sigmund Skard omsette Jordanis Gotesoga til norsk, ei bok som kom ut i 1932 og er tilgjengeleg på Nasjonalbiblioteket.[3]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 «Jordanes» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ «Jordanes», 1911 Encyclopædia Britannica (på engelsk) (Wikisource, the free online library), henta 10. april 2025
- ↑ Jordanis Gotesoga på nb.no. Tilgang for norske IP-adresser.