Sigmund Skard (31. juli 190326. mai 1995) var ein norsk professor i amerikansk litteratur ved Universitetet i Oslo, lyrikar, essayist, talar og gjendiktar.[1]

Sigmund Skard
Sigmund Skard, 1934 (cropped).jpg
Fødd31. juli 1903
Kristiansand
Død26. mai 1995
Bærum
NasjonalitetNoreg
Yrkelingvist, omsetjar, professor, lyrikar, skribent, filolog, litteraturhistorikar
InstitusjonarUniversitetet i Oslo
Alma materUniversitetet i Oslo
EktefelleÅse Gruda Skard
BarnMålfrid (Flekkøy) og Torild, Halvdan og Åsmund, Anne Skard
MedlemDet Norske Videnskapsakademi, Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab

Bakgrunn og virkeEndra

Sigmund Skard var son av folkehøgskulelæraren og skuledirektøren Matias Skard (1846-1927) frå Øyer i Gudbrandsdalen og lærar og sekretæren Gyda f. Christensen (1868-1916) frå Finnås i Hordaland. Matias vart enkemann to gonger før han gifta seg med Gyda. Marie f. Bø døydde av tuberkulose kort etter at ho fekk sitt andre barn, og Nilsine f. Myhre fekk blodpropp like etterat ho fødde sitt første. Matias var i nestan ti år eine ansvarleg for dei tre små barna. Han fekk fem barn med Gyda og saman oppseda dei den store barneflokken, der Sigmund var nummer seks. Samtidig hjelpte Gyda mannen i embetet. Sigmund vaks opp i eit usedvanleg rikt miljø intellektuelt og kulturelt prega av kristelege, menneskelege og folkelege verdiar. Halvbroren Olav vart professor på Landbrukshøgskulen i Ås og Torfinn vart hagebrukslærar ved Telemark landbruksskule på Søve. Broren Bjarne vart biskop i Tunsberg, Eiliv vart professor og Vemund lektor ved Universitetet i Oslo. Halvsystera Målfrid Birkeland var med å etablera Fana folkehøgskule med mannen sin Martin, og systera Gunnhild Skard var lærar.[2]

Sigmund studerte ved Universitetet i Oslo, las språk og litteratur, vart cand.philol., tok magistergraden i allmenn litteratur og doktorgrad om Aasmund Olavsson Vinje og antikken. Samstundes arbeidde han som bibliotekar ved Universitetsbiblioteket, var engasjert i målsaka og skreiv dikt. I 1933 gifta han seg med barnepsykologen og kvinnesaksforkjemparen Åse Gruda Skard, dotter av lærar og kvinnesakspioner Karen Grude Koht og historieprofessor og politikar Halvdan Koht. Saman fekk dei fem barn: Torild Skard og Målfrid Grude Flekkøy (1936), Halvdan og Åsmund (1939) og Anne Skard (1945).[3]

 
Portrett av Åse Gruda og Sigmund Skard, 1934. Frå Nasjonalbibliotekets arkiv

Da den tyske invasjonen kom i 1940, flykta familien via Sovjet og Japan til USA og bodde i Washington DC under heile den andre verdskrigen. Skard arbeidde ved Kongressbiblioteket og var rådgjevar for norske saker i Office of War Information, OWI, samtidig som han reiste rundt og heldt foredrag for å fremja Noregs sak.

Familien kom attende til Noreg etter krigen og flytta inn i villaen «Karistua» på Lysaker i Bærum saman med svigerforeldra til Sigmund. Sigmund var utnemnd til første professor i amerikansk litteratur i Norden ved Universitetet i Oslo, medan Åse vart dosent i psykologi. I Karistua vart det etablert ein uvanleg storfamilie, der Sigmund og Åse tok seg av barn og gamle i mange år og var samstundes gjestfrie vertar for familie og vener, studentar og kolleger frå ulike miljø og mange land. Dei var båe radikale kulturpersonlegdomar og feministar og meinte båe foreldre skulle vera yrkesaktive og ta del i oppsedinga av barna. Sigmund nytta mer oppmerksemd og kraft saman med barna enn fedre flest på den tida med omsorg og stell, leik og litteratur. Hovudansvaret for organiseringa av hushaldet og det praktiske arbeidet fall likevel på Åse.[3]

Skard måtte kjempa for eit Amerika-studium ved universitetet, ikkje berre eit engelsk-studium samla om britisk språk og litteratur. Han skreiv om amerikansk litteratur, heldt fengjande førelesingar og sette om tekster frå engelsk. I 1954 etablerte han European Association for American Studies og reiste både i Europa og fjernare land for å fremja studiet av Amerika ved høgre læreinstitusjonar. I Noreg vart han styreleiar for den Internasjonale Sommarskulen på Universitetet. Han engasjerte seg i målpolitikken, var nestleiar i Noregs Mållag og styreleiar i Det Norske Samlaget. Han ga ut ei rekkje diktsamlingar og gjendiktingar frå ulike språkområde.

Prisar og utmerkingarEndra

VerkEndra

Utval[4]

SakprosaEndra

  • Norsk Ordbok. Historie, plan, arbeidsskipnad. 1932
  • A.O.Vinje og antikken. 1938
  • The Voice of Norway. (Med Halvdan Koht) 1944
  • The Use of Color in literature. 1946
  • Til Marcus Thranes Idéhistorie. 1949
  • Amerikanske problem. 1949
  • American Studies in Europe. I-II 1958
  • The American Myth and the European Mind. 1961
  • Dåd og dikt. Essays i utval. 1963
  • Målstrid og massekultur. 1963. Med eit tillegg tjue år etter. 1985
  • Det levande ordet. Ei bok om Mathias Skard. 1972
  • Femti glade år. Tale ved ein fest 29. mai 1972, i samband med at Sigmund Skard slutta som formann i Det Norske Samlaget. 1972
  • Andlet til andlet. Nordiske portrett. 1974
  • Ein arv til å gøyma. Talar. 1974
  • USA i norsk historie. 1976
  • The United States in Norwegian History. 1976
  • Trans-atlantica. Memoirs of a Norwegian Americanist. 1978
  • Classical Tradition in Norway. 1980
  • Solregn. Ein sjølvbiografi. 1980
  • Mennesket Halvdan Koht. 1982
  • Vandringar. 1983
  • Menneske vi møtte. (Saman med Åse Gruda Skard). 1985
  • Karen Grude Koht. Drag av ein kvinnelagnad. 1987
  • Norsk utefront i USA 1940-45, 1987
  • Nynorsk klassikarbibliotek. Ei bokliste. 1988
  • Alders år. Ei minnebok. 1989

Gjendiktingar og omsetjingarEndra

  • Under nye stjerner. Amerikansk lyrikk gjennom 300 år, utvald og omsett, 1960, så 1979
  • Petrarca: Sonettar til Laura, 1962
  • Vagantviser, 1964
  • Dante: Den guddomlege komedien, omsetjing og utval frå italiensk ved Henrik Rytter og Sigmund Skard, 1965
  • Franske dikt, 1967
  • Framande dikt frå fire tusen år, red. ogm omsett av Hartvig Kiran, Sigmund Skard, Halldis Moren Veaas m.fl., 1968
  • Emily Dickenson (med Inger Hagerup), 9177

DiktEndra

  • For Norge. 1942
  • Vestanfor havet. 1946
  • Lang vår. 1946
  • Sola går mot vest. 1948
  • Haustraun. 1966
  • Poppel ved flyplass. 1970
  • Dikt i utval. 1973
  • Auga og hjarta. 1973
  • Ord mot mørkret. 1976
  • Skymingssong. 1979
  • Blomster og brød. Dikt om kjærleik. 1983
  • Atterklang. 1987
  • Dikt i utval, andreutgåva. 1992

AnnaEndra

Det Norske Samlaget har frå 1995 delt ut Sigmund Skard-stipendet

KjelderEndra

  1. Sigmund Skard i Norsk biografisk leksikon
  2. Skard, Sigmund (1980). Solregn. Samlaget. 
  3. 3,0 3,1 Skard, Åse Gruda. Liv laga, ei minnebok 1905-1940 og Fulle hender, ei minnebok 1940-1985. Gyldendal, 1985 og 1986)
  4. Ei fullstendig opplisting finst på barum.folkebibl.no

BakgrunnsstoffEndra

  • Bærum.folkebibl.no
  • Gulliksen, Øyvind. Sigmund Skard: amerikanist på nynorsk. Mål og makt 23/4, s. 23–41.