Jordkjernen
den indre delen av jordas indre
Jordkjernen er den inste delen av det indre til jorda, og består hovudsakleg av jern, nikkel, svovel og krom. Kjernen skaper varmeenergi og magnetisme gjennom mellom anna rotasjonen sin, og bidreg til den høge tettleiken til jordkloden. Sjølv om jern smeltar ved 1 450 °C bidreg det store trykket inst til å gjera den tunge jernførekomsten her fast. Utanfor jordkjernen startar den flytande, indre mantelen som består av smelta steinmassar – hovudsakleg periodotitt.

Det indre av jorda består av to skilde lag:
- Den indre kjernen av hovudsakleg jern, som er fast, og har ein radius på 1 220 km. Den startar såleis på 5 150 km djup og går ned til jordas sentrum på 6 371 km djup. Temperaturen er jamt 5 000 °C, medan tettleiken er ca. 12g/cm³g/cm³.
- Den ytre kjernen av flytande jern, nikkel, svovel og krom, med ei tjukne på 2 260 km som strekkjer seg frå 2 890 km djupne til 5 150 km djupne. Temperaturen aukar med djupna frå 3 370 °C til 5 000 °C og tettleiken i den flytande kjernen aukar frå 10,0 g/cm³ til 11,5 g/cm³.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Jordens kjerne» frå Wikipedia på bokmål, den 22. januar 2025.