Den ytre kjernen til jorda er eit flyande lag som er om lag 2260 km tjukt og består av jern og nikkel mellom den faste indre kjernen og mantelen. Den ytre grensa ligg om lag 2890 km under jordoverflata. Overgangen mellom den indre kjernen og den ytre kjernen ligg om lag 5150 km under jordoverflata.

Tverrsnitt av jorda frå kjernen til eksosfæren.

Temperaturen i den ytre kjernen varierer frå 4400 °C i dei ytre områda til 6100 °C nær den indre kjernen. Eddystraumar i denne væska av jern og nikkel i den ytre kjernen trur ein påverkar magnetfeltet til jorda. Den ytre kjernen har ikkje høgt nok trykk til å vere i fast form, så han er flytande sjølv om han har liknande oppbygging som den indre kjernen. Ein finn òg svovel og oksygen i den ytre kjernen.

Utan den ytre kjernen ville livet på jorda ha vore ganske annleis. Konveksjon i det flytande metallet i den ytre kjernen skapar jordmagnetismen.[1][2] Dette magnetfeltet strekkjer seg fleire tusen kilometer utover få jorda og verne jorda frå solvinden. Utan dette magnetiske feltet ville solvinden ha råka jordatmosfæren direkte og ville over tid ha brote ned atmosfæren heilt, slik at det ikkje kunne ha eksistert liv på overflata.[3]

Kjelder endre