Jorge Juan y Santacilia

Jorge Juan y Santacilia (17131773) var ein spansk vitskapsmann og sjøfarar.

Jorge Juan y Santacilia

Føddca. 5. januar 1713
Novelda
Død21. juni 1773
Madrid
NasjonalitetKongemakta Aragón
Yrkeastronom, matematikar, sjøfarer, spion
MedlemRoyal Society
Det franske vitskapsakademiet

Jorge Juan voks opp i ein velutdanna familie og vart som ung tatt opp som riddar av Maltesarordenen. Han studerte matematikk før han byrja på marineskulen Academia de Guardias Marinas de Cádiz i 1730, og synte seg som ein usedvanleg skarp læresvein. Han segla så i fleire år i Middelhavet for den spanske flåten før han i 1734 vart spurd om å delta i ein fransk-spansk ekspedisjon til koloniområda i vest. Spania var særleg opptatt av å få betre kartografisk og geodesisk kunnskap for såleis å lettare gjere sikrare reiser. På denne tida var ein framleis ikkje sikker på den nøyaktige jordformasjonen, noko som gjorde det vanskeleg å rekne ut avstanden mellom breidde- og lengdegradene.

Observaciones astronomicas y phisicas, 1748

Ekspedisjonen varte mellom 1735-1744, og ei rekkje målingar vart gjennomførte i Karibia og i Andesfjella, i tillegg til jungelområde innanfor. Særmerkte franske vitskapsmenn frå Académie française som Pierre Bouguer og Charles de La Condamine deltok også på denne ekspedisjonen.

Vel heimattkomen brukte han fleire år på å skrive ned og publisere den nye kunnskapen. Mellom 1748-49 var han utsending til Storbritannia og fungerte i praksis som spion med særskild interesse for den britiske flåten. I 1753 fekk han bygd stjerneobservatoriet i Cádiz (som seinare vart flytta til Isla de León, der det framleis er).

Jorge Juan er ein svært viktig person i spansk vitskapshistorie som kombinerte teoretisk og matematisk kunnskap med praktiske ferdigheiter innan kartografi, navigasjon og skipsbygging.

Kjelder endre

  • Pimentel, Juan. 2008. Jorge Juan, Mutis y Malaspina. Viajeros científicos. NIVOLA libros: Madrid