Ein matematikar er ein person med omfattande kunne i matematikk som nyttar denne kunna i arbeidet sitt, særleg for å løyse matematiske problem. Matematikarar arbeider med tal, data, innsamling, mengd, struktur, rom og endring.

Arkimedes var ein av dei største matematikarane i antikken.

Matematikarar som arbeider med problem utanom rein matematikk vert kalla bruksmatematikarar eller praktiske matematikarar. Bruksmatematikarar er matematiske forskarar som med den spesialiserte kunna si og dei profesjonelle metodane sine prøver å løyse mange av problema ein har i tilknytte vitskaplege område. Med profesjonelt fokus på mange forskjellige problemstillingar og teoretiske system arbeider bruksmatematikarar i hovudsak i studiet og formuleringa av matematiske modellar.

Faget bruksmatematikk omfattar matematiske metodar som typisk vert nytta i forsking, ingeniørvitskap, forretningsverksemd og industri.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra