Josef I av Portugal

(Omdirigert frå José I av Portugal)

Josef av Portugal (17141777) var konge av Portugal frå 1750 til 1777.

Josef I

Portrett måla av Miguel António do Amaral.
Konge av Portugal og Algarve
Regjeringstid31. juli 1750–24. februar 1777
Fødd6. juni 1714
FødestadRibeira-palasset i Lisboa
Død24. februar 1777
DødsstadKongepalasset i Sintra
GravstadKlosteret São Vicente de Fora
FøregangarJohan V
EtterfølgjarMaria I og Peter III
Gift medMariana Victoria av Spania
Gift medMariana Victoria av Spania
DynastiHuset Bragança
FarJohan V av Portugal
MorMaria Anna av Austerrike
BornMaria I av Portugal
Infanta Mariana Francisca
Infanta Doroteia
Prinsesse Benedita av Brazil

Josef (José) var den tredje sonen til Johan V av Portugal og Maria Anna av Austerrike (1683–1754). Han blei gift med Mariana Victoria av Spania i 1729.

I 1750, då han var 36, blei Josef konge av Portugal. Josef regjerte aldri sjølv, men overlét politikken til Sebastião José de Carvalho e Melo, markien av Pombal.[1] Etter jordskjelvet i Lisboa i 1755 fekk han klaustrofobi og slo seg ned i ein teltby i Ajuda. Kongen blei rekna for å vera psykisk sjuk i 1774, og kona hans blei regent. Tre år seinare døydde han, og dottera Maria blei dronning saman med ektemannen Peter.

Kjelder

endre
  1. History of Portugal: Pamphlet Collection. CUP Archive, 1937. Henta i september 2012 for Engelsk Wikipedia.