José María Aznar
Jose María Aznar (fødd 25. februar 1953) er ein spansk politikar. Han var statsminister i Spania frå 4. mai 1996 til 17. april 2004. Han representerer partiet Partido Popular. Aznar vart fødd i Madrid, men kjem opphavleg frå Baskarland. Bestefaren Manuel Aznar Zubigaray var opphavleg baskisk nasjonalist, men vart seinare overtydd falangist og fekk høge posisjonar i Franco-Spania.
José María Aznar | |
Statsborgarskap | Spania |
Fødd | 25. februar 1953 (71 år) Madrid |
Yrke | politikar, forretningsdrivande, inspektør |
Språk | spansk, engelsk |
Verv | Statsminister i Spania |
Periode | 1996-2004 |
Føregangar | Felipe González |
Etterfylgjar | José Luis Rodríguez Zapatero |
Politisk parti | Partido Popular, Alianza Popular |
Medlem av | Spanish Council of State, Frente de Estudiantes Sindicalistas |
Religion | katolisisme |
Far | Manuel Aznar Acedo |
Mor | Elvira López |
Ektefelle | Ana Botella |
Nettstad | https://jmaznar.es |
José María Aznar på Commons |
Som ung mann skildra José María Aznar seg sjølv som falangist. Han studerte jus i Madrid og arbeidde for spanske skattemyndigheiter. Aznar vart medlem av den konservative Folkealliansen (Alianza Popular) og vart innvald i parlamentet for La Rioja. Seinare vart han president for den autonome regionen Castilla y León. Det nære tilhøvet hans til Manuel Fraga førte til at han etterfylgde han som partiformann for dei konservative. Aznar omorganiserte deretter dei spanske konservative i eit nytt parti, Partido Popular, som han flytta det politiske sentrum og distanserte seg frå arva frå falangismen. Under leiinga hans melde partimedlemmene i Europaparlamentet overgang frå den konservative gruppa til det meir sentrumsorienterte kristelegdemokratiske europeiske folkepartiet.
Aznar har vorte kjend for ei tøff line mot baskiske separatistar, og for å ha gått heilhjarta inn for krigen mot Irak. Desse tilhøva førte til at partiet hans tapte regjeringsmakta til sosialistpartiet i 2004.
Han er gift med Ana Botella Serrano og har to søner og ei dotter.
Publikasjonar
endre- Libertad y solidaridad (1991)
- La España en que yo creo (1995)
- España: la segunda transición (1995)
- Ocho años de Gobierno. Una visión personal de España (2004)