José Martí
José Julián Martí y Perez (28. januar 1853–19. mai 1895) var ein cubansk filosof, tenkjar, inspirator og president. Han var den store pådrivaren for cubansk sjølvstende frå kolonimakta Spania. Han blir òg sett på som den intellektuelle inspiratoren i den cubanske sjølvstendekrigen. Da krigshandlingane starta på nytt i 1895 var Martí og den cubanske generalen Antonio Maceo dei to sentrale pådrivarane.
José Martí | |||
| |||
Fødd | 28. januar 1853 Havanna, José Martí House Museum | ||
---|---|---|---|
Død | 19. mai 1895 (42 år) | ||
Statsborgar av | Spania | ||
Yrke | lingvist, lyrikar, skribent, omsetjar, militær, politikar, essayist, journalist, kunstmålar, revolusjonær | ||
Utdanna ved | Universidad de Zaragoza | ||
Mor | Leonor Pérez Cabrera | ||
Ektefelle | María del Carmen de Zayas-Bazán e Hidalgo | ||
Barn | José Francisco Martí Zayas Bazán | ||
Alle verv |
|
På same måte som Maceo returnerte Martí tilbake til Cuba i 1895 frå eksil i USA, nærare bestemt New York. Martí vart straks utnemnd til president av dei cubanske opprørarane. Han fungerte i denne rolla frå 5. mai 1895 til 19. mai 1895, da han reid ut saman med Los Mambies og vart drepen i kamp med spanske troppar, vel 40 år gammal [1].
José Martí levde det meste av det vaksne livet sitt i USA etter å ha vorte landsforvist fra Cuba for anti-spansk verksemd. Under eksilet skreiv han ei rekke bøker og filosofiske tekstar. Frå heimen sin i New York åtvara han mellom anna mot å la amerikanarane få innpass på Cuba, med grunngjeving om at Cuba da ville gå frå å vera ein spansk til ein amerikansk koloni. Dei litterære verka hans er samla i 28 store band.
Martí blir i dag sett på som Cubas «landsfader», og nyt stor respekt i det cubanske folket. Som den andre «landsfaderen» blir Carlos Manuel de Céspedes y del Castillo rekna, som i 1869 starta det første opprøret mot den spanske kolonimakta.
Martí er òg mannen bak den kjende utsegna «for å vera fri, må du ha kunnskap frå fleire kjelder».
Martí har fått byen Marti på Cuba oppnemnd etter seg, og flyplassen i Havanna ber namnet «José Martí International Airport». Portrettet hans finst på dei cubanske 1 peso-setlane [2].
Bakgrunnsstoff
endre- John M. Kirk (1984) «José Martí: mentor of the Cuban nation». University Press. ISBN 0-8130-0812-3
- Kronologi på www.latinamericanstudies.org (spansk)
- Om Marti på www.fiu.edu
- Om Marti på en.wikipedia.org
- Bilete av Martí på www.latinamericanstudies.org