Josef Kaifas
Josef Kaifas (18–36) var ein jødisk øvsteprest i Jerusalem. Han var svigerson av øvstepresten Annas og etterfølgjaren hans i embetet. Han vart innsett av den romerske landshøvdingen Valerius Gratius og avsett av ein annan romar, legaten Vitellius. Kaifas leidde Sanhedrin (‘det høge rådet’) under prosessen mot Jesus (sjå Matt 26,3; 57–68 og Joh 18, 13–24).
Kjelder
endre- «Josef Kaifas» på SNL.no, innhenta 30. desember 2009 (lisensiert under CC-BY-SA).