Joseph Davison

Sir Joseph Davison (186815. juli 1948) var ein framståande politikar for Ulster Unionist Party og ein toppleiar for Orangeordenen i Belfast, i Nord-Irland og i Irland sett under eitt. Han var «sir» i heidringa for opninga av parlamentet for Nord-Irland i 1921. I 1923 var Davison kandidat for Ulster Unionist Party i eit suppleringsval til underhuset i Belfastparlamentet frå valkrinsen Vest-Belfast. Det som utløyste suppleringsvalet var dødsfallet til UUP-representanten W.J. Twaddell I det valet vart han slegen av den uavhengige unionisten Philip James Woods.[1]

Joseph Davison
Fødd1868
Død15. juli 1948 (80 år)
Statsborgar avDet sameinte kongeriket Storbritannia og Irland, Storbritannia
PartiUlster Unionist Party
Yrkepolitikar
MedlemOrangeordenen

Joseph Davison var ein aktiv støttespelar for Nord-Irland som etnokrati. I 1933 ytra han fylgjande i den unionistiske Belfastavisa Northern Whig:

...it is time Protestant employers of Northern Ireland realised that whenever a Roman Catholic is brought into their employment it means one Protestant vote less... I suggest the slogan should be 'Protestants employ Protestants'.[2]

I 1935 vart Davison vald til Senatet i Nord-Irland, og var både deputy speaker og deputy leader for det øvste parlamentskammeret i periodar. Davison var og statssekretær for Statsministerens departement frå 1941 til han døydde. Davison var stormeister for Orangeordenen i Belfast og vart stormeister for Orangeordenen i heile Irland frå 1941. Ogso denne rolla hadde han til han døydde i 1948.

KjelderEndra

  1. Valresultat frå nettside http://www.election.demon.co.uk/stormont/borough.html Henta 18. juli 2019.
  2. Northern Whig, 28. august 1933.