Joseph Haydn sine Divertimenti

Joseph Haydn skreiv i alt 58 divertimenti. I Hoboken-Verzeichnis er desse delt inn i to kategoriar: Divertimenti med tre stemmer, og divertimenti med fire eller fleire stemmer. Denne inndelinga er ikkje vilkårleg, men blei sjølv brukt av Haydn i Etwurf-Katalogen. Kategorien inneheld alle verk kalla diverimento, cassatio eller notturno, som ikkje var ein strykekvartett; strykekvartettane til og med Op. 20 gjekk under desse namna, men i løpet av Haydn si seinare karriere fekk strykekvartetten ein individualitet og prestisje som gjorde det naudsynt å skilje han frå divertimenti-genren.

Divertimenti med tre stemmerEndra

Divertimenti med tre stemmer utgjer kategori IV av Hoboken-Verzeichnis. Det er ikkje so mange av desse verka, men det vil kanskje kome som ei overrasking på mange at dei stort sett er skrivne på 1790-talet, sidan dei i det heile er nærast ukjende.

Nummer Årstal Toneart Ensemble Kommentar
IV:1 1794 C 2 fløyter og cello IV:1 og 2 var meint som ei gruppe. Tre satsar: Allegro moderato, andante, finale: vivace
IV:2 1794 G 2 fløyter og cello IV:1 og 2 var meint som ei gruppe. To satsar: Andante, allegro
IV:3 1794 G 2 fløyter og cello Tre satsar: Spiritoso, andante, allegro
IV:4 1794 G 2 fløyter og cello Einsleg sats: Allegro
IV:5 1794 Eb Horn, fiolin og cello To satsar: Moderato assai, allegro di molto
IV:6 1784 D Fiolin eller løyte, fiolin og cello Tre satsar: Adagio cantabile, allegro, tempo di menuetto
IV:7 1784 G Fiolin eller løyte, fiolin og cello Tre satsar: Allegro, adagio, allegro
IV:8 1784 C Fiolin eller løyte, fiolin og cello Tre satsar: Allegro moderato, poco adagio, finale: presto
IV:9 1784 G Fiolin eller løyte, fiolin og cello Tre satsar: Adagio, scherzo, finale: presto
IV:10 1784 A Fiolin eller løyte, fiolin og cello Tre satsar: Andate con espressione, adagio, tempo di menuetto
IV:11 1784 D Fiolin eller løyte, fiolin og cello Tre satsar: Allegro moderato, adagio, vivace

Divertimenti med fire eller fleire stemmerEndra

Divertimenti med fire eller fleire stemmer utgjer kategori II av Hoboken-Verzeichnis. Desse verka spenner seg over heile karrieren til Haydn: Dei fyrste var sannsynlegvis skriven på 1750-talet, medan dei seinaste verka høyrer til på 1790-talet. Blant desse finn ein i sær ein viktig bolk i form av dei åtte divertimentiane Haydn skreiv til kongen av Napoli.

(Verk som ikkje er med i den nye Haydn-utgåva må reknast for ikkje lengre å vere rekna som autentiske)

Nummer Årstal Toneart Ensemble Kommentar
II:1 før 1766 G 2 fiolinar, fløyte, obo, cello og bass Fire satsar: Allegro, andante moderato, menuett, "Thema La Fantasy": moderato
II:2 seinast 1754 G 2 fiolinar, 2 bratsjar, kontrabas Fem satsar: Presto (byrjar med scherzo!), allegro moderato, menuett I, adagio, menuett II
II:3 ukjend G 2 oboar, 2 horn, 2 fagottar Fem satsar: Allegro, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:4 ukjend F Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:5 ukjend F Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:6 før 1765 Eb Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:7 seinast 1765 C 2 oboar, 2 horn, 2 fagottar Fem satsar: Allegro, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:8 1767 D 2 fløyter, 2 horn, 2 fiolinar og kontrabass Fem satsar: Allegro, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:9 1764 G 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar, 2 bratsjar og kontrabass Fem satsar: Allegro molto, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:10 før 1766 D Kallenamn «Der verliebte Schulmeister» (den forelska skulemeisteren). Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:11 seinast 1765 C fløyte, obo, 2 fiolinar, cello og kontrabass Kallenamn "der Geburtstag". Presto, "Mann und Weib" (mann og kone): andante moderato, Menuett, moderato
II:12 ukjend Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:13 ukjend Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:14 1761 C 2 klarinettar, 2 horn Tre satsar: Allegro, adagio, finale: presto
II:15 1760 F 2 oboar, 2 horn, 2 fagottar Fem satsar: Presto, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:16 1760 C 2 horn, 2 engelske horn, 2 fiolinar, 2 fagottar Allegro, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:17 før 1766 C 2 klarinettar, 2 horn, 2 fiolinar, 2 bratsjar og kontrabass Fem satsar: Marsj: adagio, allegro, menuett I, resitativ: allegro-andante, menuett II, allegro molto-andante-presto
II:18 ukjend D Av Johann Baptist Wanhal
II:19 ukjend G Av Johann Baptist Wanhal
II:20 før 1763 F 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar, 2 bratsjar og kontrabass Fem satsar: Allegro molto, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:21 seinast 1763 Eb 2 horn og strykekvartett Fire satsar: Allegro molto, adagio, menuett, finale
II:22 før 1765 D 2 horn og strykekvartett Fire satsar: Presto, menuett I, largo, menuett II
II:23 etter 1775 F 2 oboar, 2 horn, 2 fagottar Fem satsar: Allegro, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:24 før 1775 Eb 2 engelske horn, 2 fiolinar og kontrabass Berre ein sats, ein variasjonsform, er overlevert.
II:24 a/b ukjend Verk har gått tapt. Ein kan finne att menuettane i stryketrioane V:7 og 15.
Notturni til kongen av Napoli
II:25 Kanskje 1788 C 2 orgellirer, 2 klarinettar, 2 horn, 2 bratsjar og kontrabass Tre satsar: Marcia-allegro, adagio, finale: presto
II:26 Kanskje 1788 F 2 orgellirer, 2 klarinettar, 2 horn, 2 bratsjar og kontrabass Tre satsar: Adagio-allegro spiritoso, adagio, finale: allegro con brio
II:27 Kanskje 1788 C 2 orgellirer, 2 klarinettar, 2 horn, 2 bratsjar, cello og kontrabass To utgåver eksisterer: celloen er lagt til i ein av dei, noko som gjer at den midtre satsen forandrast noko. Tre satsar: Allegro moderato, andante, finale: molto vivace
II:28 Kanskje 1788 C 2 orgellirer (eller fløyte og obo), 2 klarinettar (eller fiolinar), 2 horn, 2 bratsjar, cello og kontrabass Ei utgåve blei laga til London-turneane, der ein la til kontrabassen og skifta ut den originale orkestreringa. Tre satsar: Allegro, adagio, finale
II:29 Kanskje 1788 C 2 orgellirer (eller fløyte og obo), 2 klarinettar (eller fiolinar), 2 horn, 2 bratsjar, cello og kontrabass Ei utgåve blei laga til London-turneane, der ein la til kontrabassen og skifta ut den originale orkestreringa. Tre satsar: Allegro, andante, finale: fuga
II:30 Kanskje 1788 G 2 orgellirer, 2 klarinettar, 2 horn, 2 bratsjar, cello To satsar: Presto, andante
II:31 Etter 1788 2 orgellirer (eller fløyte og obo), 2 horn, 2 fiolinar, 2 bratsjar, cello og kontrabass Ei utgåve blei laga til London-turneane, der ein la til kontrabassen og skifta ut den originale orkestreringa. Tre satsar: Allegro moderato, adagio (cantabile), finale: presto
II:32 Etter 1788 2 orgellirer (eller fløyte og obo), 2 horn, 2 fiolinar, 2 bratsjar, cello og kontrabass Haydn laga to utgåver, med ulik orkestrering, og la til den langsame introduksjonen. Tre satsar: (Largo-)allegro, adagio, finale: vivace assai
Seks Scherzandi
II:33 Rundt 1760 F 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar og kontrabass Undertittel «sinfonia». Fire satsar: Allegro, menuett I, adagio, finale: presto
II:34 Rundt 1760 C 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar og kontrabass Undertittel «sinfonia». Fire satsar: Allegro, menuett I, adagio, finale: presto
II:35 Rundt 1760 D 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar og kontrabass Undertittel «sinfonia». Fire satsar: Allegro, menuett I, andante, finale: presto
II:36 Rundt 1760 G 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar og kontrabass Undertittel «sinfonia». Fire satsar: Allegro, menuett I, adagio, finale: presto
II:37 Rundt 1760 E 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar og kontrabass Undertittel «sinfonia». Fire satsar: Allegro, menuett I, andante, finale: presto
II:38 Rundt 1760 A 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar og kontrabass Undertittel «sinfonia». Fire satsar: Allegro, menuett I, adagio, finale: presto
II:39 Rundt 1760 Eb To ensemble, med 2 fiolinar og kontrabass i kvart Kalla «ekkoet». Ikkje med i den nye Haydn-utgåva
II:40 før 1781 Eb Fiolin, bratsj, obo, fagott og horn Sannsynlegvis komponert av Michael Haydn
II:41 ukjend Eb 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 horn eller trompetar Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:42 ukjend B 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 horn eller trompetar Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:43 ukjend B 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 horn eller trompetar Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:44 ukjend F 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 horn, ripieno-fagott og serpent Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:45 ukjend F 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 horn, ripieno-fagott og serpent Ikkje med i nye Haydn-utgåva
II:46 ukjend B 2 oboar, 2 klarinettar, 2 fagottar, 2 horn, ripieno-fagott og serpent Sannsynlegvis skriven av Ignaz Pleyel. Det er her Johannes Brahms tok melodien til Variasjonar over eit tema av Joseph Haydn frå
II:47 ukjend C 2 fiolinar, kontrabass og 7 barneinstrument Sannsynlegvis komponert av Carl Ditters von Dittersdorf
II:D18 - D 2 oboar, 2 horn, 2 fagottar Ein er usikker på om dette verket eigentleg er Haydn sitt, men det er teke med i den komplette Haydn-utgåva frå Haydn-instituttet i Køln. Seks satsar: Allegro, scherzo, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto
II:G1 G 2 oboar, 2 horn, 2 fiolinar, 2 bratsjar og kontrabass Fem satsar: Allegro molto, menuett I, adagio, menuett II, allegro-presto
II:B3(C12/G9) - B Ein er usikker på om dette verket eigentleg er Haydn sitt, men det er teke med i den komplette Haydn-utgåva frå Haydn-instituttet i Køln. Ein har òg fått overlevert to transponeringar av dette verket (II:C12 og G9), men meiner denne er den opphavlege. Fem satsar: Allegro, menuett I, adagio, menuett II, finale: presto


[gøym]