Joseph Haydn sine ouverturar

Hoboken-Verzeichnis, den vitskaplege katalogen over Joseph Haydn sine verk, kategoriserer ouverturar som kategori Ia, for å vise slektskapen med symfonien. Dei fleste av verka i denne kategorien er ouverturar som høyrer til ein opera av Haydn, eller andre sceneverk; berre eit fåtal ser ut til å vere frittståande verk, og ein kan ikkje seie sikkert at desse ikkje høyrde til eit større verk, der berre ouverturen er overlevert.

Kategorien er, i motsetnad til nærast alle andre i Hoboken-Verzeichnis, ikkje kategorisert etter komposisjonsår, men toneart. Sidan komposisjonsåra til dei fleste verka allereie var kjend syner dette kanskje meir enn noko at desse verka har vore sett på som relativt lite viktige i Haydn-resepsjonen; dei få verka som ikkje høyrer til ein opera er vanskelege å finne spela inn.

Nummer Komposisjonsår Toneart Kommentar
Ia:1 1769-73 C Tilsynelatande eit frittståande verk
Ia:2 1774 C Frå oratoriet Il ritorno di Tobia, XXI:1
Ia:3 1794? C Frå operaen L'Anima del Filosofo, XXVIII:14
Ia:4 Før 1775 D Tilsynelatande eit frittståande verk
Ia:5 1762 D Frå operaen Acide e Galatea, XXVIII:1
Ia:6 1775 D Frå operaen L'incontro improvviso, som var ukjend for Hoboken, og difor ikkje har noko nummer.
Ia:7 1777 D Alternativ finale til symfoni nr. 53
Ia:7bis 1777 D Ein forvrengd utgåve av Ia:7, som likevel er forma som har vore mest brukt
Ia:8 1773 F Frå marionettoperaen Philemon et Baucis, XXIX:2
Ia:9 Ukjend Eb Meint autentisk av Hoboken (ein trudde lenge at Haydn hadde skrive scenemusikk til Kong Lear), men har seinare vist seg å vere av W. G. Stegmann.
Ia:10 1769 G Frå operaern Lo Speziale, XXVIII:3. Hoboken ser ut til å meine at det var to ulike utgåver av ouverturen, men dette har ein forkasta i den nye Haydn-utgåva.
Ia:11 1780 G Frå operaen La Fedeltà Premiata, XXVIII:10
Ia:12 1777 Gm Frå operaen Il Mondo della Luna, XXVIII:7
Ia:13 1779 Gm Frå operaen l'Isola disabitata, XXVIII:9
Ia:14 1783 H Frå operaen Armida, XXVIII:13
Ia:15 1777 H Frå operaen La vera Costanza, XXVIII:8
Ia:16 1782 H Frå operaen Orlando Paladino, XXVIII:13

I tillegg til dei autentiske verka la Hoboken til verk som har vore tileigna Haydn, men som han rekna som tvilsame, tolkingar ettertida i stor grad har gjeve han rett i. Bokstaven som blir lagt til i Hoboken-formelen kjem frå verket sin toneart:

Nummer Kommentar
Ia:C1
Ia:C2
Ia:D1 Ouverture til ein ukjend opera, «L'Amor Soldato» (den kjære soldat) tileigna Haydn. Librettoen er kjend frå fleire verk, men det er ikkje noko som tydar på at Haydn nokon gong nytta han.
Ia:D2
Ia:D3
Ia:D4 Ouverture som fyrst dukka opp på midten av 1800-talet. Verket avsluttast med ein korsats, og er difor ikkje rekna som autentisk.

Kjelder endre